Heim Nyhende Etterlyser søkjarar til kulturminnestøtte

Etterlyser søkjarar til kulturminnestøtte

Norsk kulturminnefond vil ha inn fleire søknader frå privatpersonar og organisasjonar som treng pengar til bevaring av kulturminne.

 

Tilskotsordninga er eit lågterskeltilbod til private eigarar av verneverdige kulturminne. Også frivillige lag og organisasjonar, enten dei eig kulturminna sjølv eller forvaltar dei på vegner av andre, kan søke.

– Samarbeid med eigarar er det viktigaste vi gjer for å nå det nasjonale målet om å minimere tapet av verneverdige kulturminne, seier Simen Bjørgen, direktør i Norsk kulturminnefond, i ei pressemelding.

Kulturminnefondet støttar tiltak på alle faste kulturminne, som for eksempel buplassar, hus og bygningar, hageanlegg og bevaring av kulturlandskap. Kulturminne er ikkje aldersbestemt, og kan vere frå både fjern og nær fortid.

– Vi ser at framtidig bruk av kulturminne er avgjerande for bevaring. Når eigarane lykkast i å vareta kulturhistoriske verdiar, resulterer dette som regel i næringsutvikling som gir lønsemd og dermed moglegheiter for å halde kulturminnet i stand også i framtida, seier Bjørgen.

Norsk kulturminnefond er eit statleg forvaltningsorgan med formål om å styrkje arbeidet med, og bevare verneverdige og freda kulturminne. Sidan oppstarten i 2003, har Kulturminnefondet delt ut nærmare 500 millionar kroner. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...