Heim Nyhende Direktorat vil ha enklare språk i statleg regelverk

Direktorat vil ha enklare språk i statleg regelverk

Norske lover og forskrifter kan vere så vanskelege å forstå at det går ut over rettstryggleiken, meiner Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

Lover og forskrifter er ikkje skrivne i klart nok språk. Dette er konklusjonen i ein ny rapport frå Difi.

Direktoratet foreslår ei rekke tiltak, blant anna nye rutinar for å sikre godt språk i statleg regelverk.

Difi meiner ti av lovene i dag bør bli enklare å forstå, blant anna folketrygdlova, tomtefestelova og inkassolova.

Difi-sjef Hans Christian Holte seier typiske språkproblem er dårleg setningsbygning og vage og fleirtydige ord.

Men dårleg språkkompetanse er ikkje er den einaste årsaka til at lover og reglar blir vanskelege å forstå. Også det at ein tekst av bestemte grunnar ikkje er meint å vere presise kan vere ei årsak. Framforhandla reglar inneber gjerne kompromiss, noko som fører til at formuleringa blir vag.

Holte seier at i mange tilfelle er regelverket så generelt at det ikkje gir svar på dei spørsmåla den enkelte brukar måtte ha, og at fleire reglar verkar saman slik at ein ikkje finn løysinga på eit problem i ein regel.

– Språklege endringar kan neppe endre dette. Men når reglane ikkje vert forstått av vanlege folk, kan det føre til at mange ikkje får informasjon om nødvendige rettar og plikter. Dette kan innebere ein trussel mot rettstryggleiken, seier Holte. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...