Heim Nyhende – Dårlege råd

– Dårlege råd

Reklamebyrå må la vere å gi verksemder råd om at dei ikkje skal bruke nynorsk i marknadsføringa, meiner direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim.

Lomheim framhevar at nynorsk kan vere eit fortrinn i marknadsføringa.

– Nokre bedrifter har forstått at dei kan tene pengar på å skilje seg litt ut med språket. Det er positivt, seier han og nemner Lerum som eit godt døme på at det går an å satse på nynorsk profil og marknadsføring. Han viser også til at Lerum møtte skepsis i reklamebyrået sitt då dei ynskte å profilere produkta sine på nynorsk. Reklamebyrået meinte dette aldri kom til å gå, og at Dogndals-verksemda kunne risikere at kundane på Austlandet ikkje ville kjøpe produkta deira.

– Det viste seg jo å slå heilt feil. Reklamebyrå burde heller gi gode, kommersielle og økonomiske råd. Nynorskregionar må i alle fall profilere seg på nynorsk og ikkje gi ut brosjyrar på bokmål. Det skjer diverre det også, sukkar han.

Direktøren i Språkrådet meiner profilering på nynorsk kan vere ein god måte å skilje seg ut i marknaden på, og til å bygge opp ei sterk merkevare. Aller mest må verksemdene skjøne at nynorsk ikkje er eit tapsprosjekt økonomisk, men at dei derimot kan tene pengar på å marknadsføre seg på nynorsk, slår Lomheim fast.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...