Heim Nyhende – Bykommunane viktigast i kommunereforma

– Bykommunane viktigast i kommunereforma

– Det viktigaste med kommunereforma er at dei store bykommunane blir meir robuste og slagkraftige, ifølgje rapport.

 

NHO og Akademikerne har teke initiativ til rapporten om næringsliv og kompetansebehov i den pågåande kommunereformdebatten, skriv Gemini.no. Forskingsrapporten er utarbeidd av Senter for økonomisk forsking ved NTNU og vart lagt fram av professor i samfunnsøkonomi ved NTNU, Jørn Rattsø, onsdag.

Ifølgje Gemini.no meiner professoren reforma først og fremst må vere ei byreform.

– Kommunereforma må skje i byane. Ein vellykka byvekst vil vere avgjerande for framtidig vekst i Noreg, er noko av bodskapen i rapporten.

Ifølgje rapporten er det avgjerande å lukkast betre med å utvikle dei 20 største byregionane i landet. Gemini.no skriv at minst tre byregionar (Stavanger, Bergen og Trondheim) er anbefalt få same styringsmodell som Oslo, ved at dei overtek fylkeskommunale oppgåver.

Det blir også anbefalt at dei mindre distriktskommunane bør bli større, men rapporten meiner det er urealistisk å tru at dei skal ha like mange oppgåver og like stor fridom som bykommunane. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...