Heim Nyhende – Bør halde på medlemskapen

– Bør halde på medlemskapen

Høgre ynskjer å melde Sauda kommune ut av LNK. Noko varaordførar Laura Seltveit (Ap) reagerer på. 

 

– Eg er ikkje overraska, Høgre kjem med dette forslaget kvart år, seier Seltveit om budsjettforslaget om å melde kommunen ut av LNK. 

I Høgre sitt budsjettframlegg har dei i tillegg til medlemskapen i LNK kutta driftsutgifter som midlar til Ryfylkefondet og til vennskapsssamarbeidet Sauda – San Juan del Sur. Høgre går ut frå at ein vil spare 30.000 kroner ved å kutte medlemskapen i LNK, sjølv om medlemskapen berre kostar 10.000 kroner. 

– Ja, me har sett den korrigeringa. Eg veit ikkje kva som er grunnen til at 30.000 er opplyst, kanskje det er tatt høgde for reiseutgifter og anna, seier Laila Stødle (H) som la fram forslaget i formannskapet. 

– Me brukar for mykje penger og må kutte der det svir minst, no må me styrke tilbodet til barn og unge så det blir  vekst i Sauda, meiner Stødle. 

Laura Seltveit meiner derimot kommunen kan vinne meir enn dei taper på medlemskapen i LNK. 

– Som medlemskommune i LNK får me jo tilbod om gratisk språkkurs for tilsette i kommunen, det ville kommunen spart mykje på. Eg meiner nynorsken er ein viktig del av identiteten vår og me skal ikkje gløyme at skulane våre er nynorskskular, seier varaordføraren bestemt. 

Laura Seltveit sit også i styret til LNK. Budsjettsaka skal avgjerast i kommunestyret onsdag 12. desemeber. 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...