Heim Nyhende Bokmålsboom i vidaregåande i Hordaland

Bokmålsboom i vidaregåande i Hordaland

Fleirtalet av elevane som har nynorsk som hovudmål i grunnskolen i Hordaland, byter til bokmål i vidaregåande.

Tal frå Hordaland fylkeskommune viser at 91 prosent av elevane i den vidaregåande skolen i fylket no har bokmål som hovudmål. Berre 9 prosent held fast på nynorsken.

Fråfallet er stort, for i 2011 hadde 34 prosent av elevane på siste trinnet i ungdomsskolen nynorsk som hovudmål, fortel Bergens Tidende.

Trenden er gjennomgåande i fylket og er like tydeleg i typiske nynorskkommunar som Sund og Fjell på Sotra. Ved Sotra vidaregåande skule er bokmålsprosenten heilt oppe i 98 prosent. Berre 8 av dei 357 elevane der har nynorsk som hovudmål.

– Skolen sviktar

Leiar Håvard B. Øvregård i Noregs Mållag seier at målbyte særleg er eit problem i nynorske randområde som Sotra. Han gir skolen skulda for det store fråfallet.

– Vi veit at det er mykje språkbyte i område med språkblanda skolar. Når dette skjer, meiner eg at det er skolane som har feila i det oppdraget dei har etter læreplanen i norsk. Den seier, kort sagt, at språkleg sjølvtillit er eit hovudmål for opplæringa i norsk gjennom heile grunnopplæringa. Der feilar skolen desse randområda, seier Øvregård.

Han peikar på at situasjonen elles stort sett er annleis i område der nynorskelevane er i fleirtal, slik som i Sogn og Fjordane. I skoleåret 2009/2010 var det berre 5 prosent av elevane ved Firda vidaregåande skule som hadde bytt hovudmål gjennom skolegangen, ifølgje tal som Mållaget har henta inn.

Elevar som Bergens Tidende har snakka med, forklarer målbytet med at dei synest bokmål er lettare å lese og skrive. Svara peiker i same lei som ei undersøking Mållaget gjorde i 2010 om det store målbytet i Valdres. Der sa ungdommane at dei bytte til bokmål fordi nynorsk er vanskeleg, og fordi nynorskbrukarane er i mindretal.

– I Noreg i dag er det lettare å lære seg å skrive bokmål enn nynorsk fordi ein ser så mykje meir bokmål rundt seg. Der nynorsk er opplæringsmålet, er det heilt avgjerande at elevane møter nynorsk i så stor grad som mogleg, at teksten på tavla er på nynorsk, at vekeplanane er på nynorsk og så vidare, seier Øvregård.

Halvparten byter

På landsbasis fell nynorskdelen frå 13,2 til 6,7 prosent i overgangen frå grunnskole til vidaregåande skole, ifølgje tal frå Kunnskapsdepartementet.

Fredag denne veka møtest for første gong ressursgruppa for nynorsk som hovudmål. Kunnskapsdepartementet oppretta gruppa i kjølvatnet av sidemålsdebatten i vinter for å sjå kva som kan gjerast for å stoppe nynorskfråfallet i skolen.

Mellom anna skal gruppa vurdere eit framlegg om å gi ekstrapoeng til nynorskelevar ved opptak til høgare utdanning. Gruppa skal dessutan sjå på korleis lærarkompetansen kan styrkjast og korleis ein kan få betre nynorske læringsressursar på nett. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...