Heim Nyhende Bli ven med herr og fru Garborg

Bli ven med herr og fru Garborg

På Facebook kan du no bli ven med Arne og Hulda Garborg, viss du vil.

Ekteparet fekk kvar sin personlege profil på Facebook sist veke, og i skrivande stund har Arne 114 vener og Hulda 144. Det er Nasjonalt Garborgsenter som står bak profilane, og det er formidlar Ørjan Johansen som «snakkar» på vegner av dei båe.

– Utgangspunktet for dette er å få litt meir fart på heimesidene og Facebooksida til Nasjonalt Garborgsenter, seier Johansen. – Berre på halvanna veke opplever vi no at profilane har byrja leve sitt eige liv, og vi er ganske overvelda av responsen.

Johansen er ikkje i tvil om at ekteparet Garborg har noko å melde i samfunnsdebatten, også i dag. – Båe to var svært aktive i frigjeringskamp og i språkkamp, og tankegodset deira er like gyldig i dag som då. Arne Garborg er ikkje berre ein viktig forfattar, han er like viktig som filosof, meiner Johansen.

Men det er førebels ikkje dei store eksistensielle spørsmåla folk vil prate med Hulda og Arne om, i alle fall ikkje på Facebook.

– Folk synest først og fremst dette er morosamt, seier Johansen, som heller ikkje legg skjul på at Nasjonalt Garborgsenter beveger seg i ei gråsone når dei no har oppretta personlege profilar for ekteparet. Det er strenge reglar for kven som får opprette personlege profilar på Facebook, og bedrifter og organisasjonar kan til dømes ikkje ha personlege profilar.

– Vi er klar over det. Og samstundes så er det veldig tydeleg for publikum kven som er avsendar her. Det er Garborgsenteret som «er» Arne og Hulda Garborg, og det kjem klart fram på sidene deira. Meir offisielt kan det ikkje bli. Dessutan er det ikkje slik at vi har kuppa identiteten til levande personar, seier Ørjan Johansen, som håper paret får eit langt og aktivt liv på Facebook. – Med kvar sin profil kan Arne og Hulda Garborg no vere med og diskutere aktuelle saker på Nasjonalt Garborgsenter si Facebook-side, også med kvarandre.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...