Heim Nyhende Bibliotek vil aktivisere eldre med tv-spel

Bibliotek vil aktivisere eldre med tv-spel

Biblioteka i Seljord og Kviteseid har fått 100.000 kroner til å kjøpe inn tv-spel og hyre instruktørar for å aktivisere dei eldre heilt ut i grendene.

 

 

– Det er jo noko anna, som ein kanskje ikkje tenkjer er veldig bibliotekrelevant, medgjev biblioteksjef i Seljord Britt Haugland, som er hoppande glad for tildelinga.
«Seniorgamer» i Seljord

Saman med Kviteseid bibliotek har dei fått 100.000 kroner i støtte til prosjektet «Spel for alle – Kasino mobil».

I alt 62 bibliotekprosjekt har fått tilsaman 12,1 millionar av Nasjonalbiblioteket. Utviklingsmidlane skal hjelpe biblioteka til å fylle si rolle som uavhengige møteplassar og arenaar for offentlig samtale og debatt. Dette føremålet kom inn i den nye biblioteklova frå 1. januar i år.

Prosjektet «Kasino mobil» går ut på at biblioteka i Seljord og Kviteseid skal kjøpe inn utstyr til interaktive spel som kan brukast til aktivisering av eldre og folk med fysiske handikap. Haugland fortel at dei sjølv ikkje har lokalar som eignar seg til slik bruk. Tanken er difor at utstyret og instruktørar skal vere mobile. Tilbodet kan sendast ut til eldreheimar eller grendelag og ser for seg å nytte lokala til treningssenteret, som er samlokalisert med kulturhuset i Seljord kommune.

Tv-spel er òg ein aktivitet både eldre og yngre familiemedlemmer kan ha glede av å gjere saman.

Satsinga er inspirert av prosjektet «Seniorgamer», som er utvikla av Drammensbiblioteket i samarbeid med mellom anna Høgskulen i Buskerud. «Seniorgamer» er ei nasjonal satsing på tv-spel særleg for eldre som lir av demens.

Helsebevisste bibliotek
Avdelingsdirektør i Nasjonalbiblioteket Svein Arne Tinnesand fortel at spel i bibliotek har vorte viktigare og at dei no for alvor har oppdaga denne kulturforma.

– Biblioteka vert ein naturleg del av det kommunen arbeider med. Anten det er integrering eller tilbod til eldre, må biblioteka tenkje på kva dei kan bidra med.

Folkehelse er jo eit mantra som går kommunar og fylkeskommunar over heile landet, seier Tinnesand.

Det er ei bølgje biblioteka i Noreg har fått med seg, og i fjor gav dei ut ein publikasjonen Bibliotek og helse, der mellom anna speleprosjektet i Drammen er omtala.
Tinnesand kan fortelje at «Seniorgamer», som no har avslutta den treårige startperioden med støtte frå Nasjonalbiblioteket, har vore ein stor suksess. No vert prosjektet kopiert i fleire kommunar.

For store og små
Seljord og Kviteseid skal prøve ut ordninga i ein mindre bygdeskala. Dei to Telemarksbiblioteka skal skape ein arena for fysisk aktivitet og digital læring mellom dei eldre i meir grisgrendte strok.

– Me tenkte at det er litt urettvist at slike ting berre skal kome storkommunane til gode. Kvifor kan ikkje me prøve å få til noko slikt, sjølv om me ikkje har flotte lokaler? spør Haugland, som òg har søkt fylkeskommunen om midlar.

Bibliotekaren fortel at dei vil dra nytte av erfaringane frå Drammen, og at dei enno ikkje har bestemt seg for kva type spel dei vil kjøpe inn. Men det er ikkje utenkjeleg at det snart vert bowling og golf på skjermen for dei eldre i Seljord og Telemark.

Haugland trur aktivitørane i kommunen vil setje pris på tilbodet, men er klar over at tv-spel for eldre ikkje er noko som sel seg sjølv.

– Me har nok ein veg å gå før me får kjempestor respons, trur bibliotekaren.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...