Heim Nyhende Betre for fleirspråklege

Betre for fleirspråklege

Nordmenn som brukar både nynorsk og bokmål får fleire føremonar som fleirspråklege. Fleirspråklege er mellom anna meir språkleg bevisste og presterer betre på skulen i matte.

Det er i Aftenposten sin artikkelserie om språk, som går no i påsken, at dette temaet no blir reist. Artikkelen visar til undersøkinga professor Mila Vulchanova ved NTNU gjennomførte i fjor. Denne undersøkinga vart gjennomført mellom 50 personar, og den viste mellom anna at når ein blir eksponert for både nynorsk og bokmål, så får ein kognitive føremonar som tospråkleg.

Undersøkinga er gjort på oppdrag frå Språkrådet, og Vulchanova får langt på veg støtte frå fleire hald.

Språkforskar Øystein Vangsnes ved Universitetet i Tromsø seier mellom anna til Aftenposten at mange språkforskarar er samde i at ein ikkje blir betre i bokmål av å berre fokusere på bokmål, men at nynorsk og bokmål til saman gir meir kunnskap.

Vangsnes er no med i eit tverrfagleg forskingsprosjekt som skal undersøke regionale skilnader på skulerresultatat, og skal spesielt sjå på kvifor skuleelevar i i Sogn og Fjordane presterer betre enn andre. Sogn og Fjordane er det fylket i landet som har flest nynorskelevar, her er97,3 prosent av elevane i grunnskulen nynorsk som hovudmålform.

Les heile saken i Aftenposten.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...