Heim Nyhende Aukra inn i LNK

Aukra inn i LNK

Sist veke gjekk kommunestyret inn for å bli medlem i LNK. Kystkommunen på Romsdalskysten jobbar for tida aktivt med kommuneplan og strategisk næringsplan og har den siste tida hatt hektisk møteaktivitet for både folkevalde og folket sjølv.

 

 

– Vi veit ikkje ennå heilt kva det vil bety for oss å vere med i LNK. Det får vi sjå etter kvart, seier ordførar Bernhard Riksfjord.

Aukra kommune er ein aktiv nynorskbrukar, sjølv om dei ikkje har formelt vedtatt at nynorsk er skriftspråket deira.

– Det er heilt naturleg og allment akseptert i kommunen at det er nynorsk vi bruker, seier ordføraren.

Dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland, er nøgd med at Aukra nå blir ein av rundt 120 LNK-medlemer.

– Styreleiar og eg besøkte dette området for nokre månader sidan. Aukra verkar å vere ein spennande kommune kor det skjer mykje. Vi er glade for å få dei med, seier han.

Aukra kommune har 3.142 innbyggjarar og er heller ikkje stor i areal. 58,5 kvadratkilometer dekkjer den ferske LNK-kommunen.

Det jobbast i desse dagar med ei ferjefri forbinding på E39 Kyststamveien over Romsdalsfjorden. Blir dette ein realitet vil det bli bru mellom øyene Otrøya (Midsund kommune) og Gossen, som ligg i Aukra kommune. Den såkalla Møreaksen vil gjere at ein kan køyre mellom Ålesund og Molde på ein time og vegen blir dermed også kortare til storbyen for Aukra-innbyggjarane.

Når det gjeld næringsliv er det gass og Ormen Lange som skapar spenning i kystkommunen. Viss alt går etter planane vil det bli ilandført nye gassfelt i Norskehavet til Nyhamna i Aukra.

– Dersom Storting og regjering går inn for og gir si tilslutning og vedtak til det, vil ein kunne utvikle Nyhamna i Aukra til eit moderne og framtidsretta gassknutepunkt, fortel Aukra-ordføraren på kommunen si heimeside.

Næringslivet i Aukra er elles dominert av næringar knytt til hav og sjø med skipsverft, offshoreindustri, oppdrett og fiskeforedling.

Viss du besøkjer Aukra og har litt tid, kan du låne deg sykkel hos kommunen og velje deg ut ei passande løype. Kommunen har gitt ut ein eigen brosjyre med tre sykkelløyper du kan sykle. Du kan oppleve fiskevær, skog, gass-anlegg, holmar, skjær; du kan fiske, leige deg ein kano og ete nistepakka i ein gapahuk.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...