Heim Innspel Liten, mindre, minst – og så fleksible!

Liten, mindre, minst – og så fleksible!

Kor liten kan ein kommune bli, eller kor stor bør ein kommune vere:

– for å yte innbyggjarane gode og lovpålagte tenester?

– for å vere synleg og med i samfunnsdebatten i kampen om merksemd og ordningar som sikrar framtidig handlingsrom og livskraft?

Krav til storleik – eller ikkje?

Setesdal regionråd er landets minste regionråd. Vi har gleda av å sørve og foreine 1 liten og 3 bitte små kommunar målt i folketal – men 3 store og 1 liten målt i kraftkroner. Vi er i tillegg rike på naturarv og arealressursar. Kommunane finn saman i interkommunalt samarbeid om tenesteproduksjon og sikring av kompetansemiljø. Dei nyttar regionrådet som felles talerøyr t.d. i møtet med NAV og samhandlingsreforma, og til utvikling av nye kompetansemiljø og interkommunalt samarbeid. Regionrådet er ikkje eit verkty for eller imot kommune-samanslåing, men ein måte å handtere notida på. Regionrådet er vår måte å få til mest mogleg rasjonell oppgåveløysing på.

Komparative føremoner – by og distrikt!

Vi i Setesdal høyrer naturleg til i og ønskjer å vere ein ressurs for landsdelen vår – og vi er det. Regionen vår utgjer indrefileten av Agder, uavhengig av dragingane om fylkesgrenser som også rir Sørlandet for tida. Gjennom naturressursane og rekreasjons- og ferieareala som vi stiller til disposisjon, kjenner vi oss som eit aktivum og ein del av fellesskapen med kysten og byane våre. Og vi nyt og godt av at næringsliv og vekst pregar kysten og byane på Sørlandet.

Utviding av omgrepet berekraft – utvikling av differensiert politikk for å få heilskap!

Både Aust-Agder fylkeskommune og Fylkesmannen i Aust-Agder skal har ros for at dei i praksis har syn for distrikta og utfordringane som dei har. Dette vert det mellom anna arbeidd med i den felles regionplanen Agder 2020. Om ein hever blikket til landsdels- og nasjonalnivået, presser eit spørsmål seg fram: Er det tid for å tenkje gjennom kva for distrikts- og regionpolitikk vi ikkje har for baklandet bak vekstsentra og storbyane?

Utfordringsbiletet er mykje det same om du set passarspissen i Haukeli og rissar ein sirkel i beltet innfor dagpendlaromlandet til byane, eller om du ser fylka eitt og eitt – Telemark, Agder, Rogaland , Hordaland osb. Vi har det til felles at det er krevjande for det såkalla baklandet å ta del i veksten.

Regionomgrep – eit ikkje-nivå i forvaltinga, men ein handterleg storleik framover?

Regionnivået er kan hende ein handterleg storleik i høve samordning, men per i dag er det ikkje eit forvaltingsnivå for anna enn tilfeldig dialog med styresmaktene. I ymse europeiske land er det tale om autonome regionar. Er dette noko ein kunne ta opp i eit ordskifte her, og som kunne gje nye perspektiv og strategiar? Distrikta er gjerne berarane av miljøfaktorar som sikrar økologiske berekraft som omgrep for omlandet sitt. Er det tid for ei regionutvikling som omfattar parametrar som sosial, kulturell og økonomisk berekraft, og som gjev utviklingsstrategiar for å sikre denne heilskapen? Eg trur det. Og eg ønskjer meg meiningsytringar som kan føre tankespinnet vidare, dessutan politikarar som vil forme ny politikk innafor regionutvikling med eit blikk på sjølve regionformatet!

Politikken må underbyggje og sikre vekstkraft kring byane, men òg utvikle distrikta og skape meir vekselverknad av verdistraumane for eit større omland. Vi treng eit eksperimentarium for ny regiontenking! Og vi treng handling for å snu straumen. Kvifor går ikkje styresmaktene føre med aktive grep; flytter ut attraktive kompetansemiljø og etatar, eller legg forskingsnoder ut til relevante vekstpunkt eller regionsenter for å styrkje strukturane og snu utviklinga? Vi venter på handling, men det vi får, er sentralisering av etat etter etat! Og det går langt utover ein byråkrat si fatteevne at dette er ein ønskt politikk.

Kan hende er det ein ny by- og landpolitikk for dei utvida bu- og arbeidsregionane eg etterspør? Eller gjerne ein landsdelspolitikk som svarar til særdraga og potensiala, som grip tak i ulikskapen og fremjar heilskapen?

I mellomtida held vi fram med å leve gode liv her i Rural-Noreg òg!

Vi fyller dagane med generalistoppgåver og kreative måtar å tilby spisskompetanse og spesialisttenester på – og vi møter mangfaldet av utfordringar med friskt mot!

Signe Sollien Haugå er dagleg leiar i Setesdal regionråd.

Førre artikkelTravel dame
Neste artikkelOrda har fått nytt innhald

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...