Heim Innspel Berre babbel

Berre babbel

Bestemora mi fekk aldri høyre ord som jetlag og Internett. Ho fekk aldri prøve dei heller, sidan profesjonelle fotballspelarar og fjernsynet knapt var oppfunne då ho levde. Slik er det berre. Ei ny tid, med olje og datateknologi og mykje anna nytt, skaper stadig behov for nye ord og omgrep som kan skildre nye og ukjende fenomen. Det som er merkeleg, er at vi treng nye ord for å skildre det vi allereie kjenner frå før, noko som minner om eventyret der keisaren trur han har fått seg nye klede, men så er han rett og slett naken.

Då eg var ferdig utdanna i middelalderen, var eg lektor med hovudfag i marknadsføring. Eg gjekk til og med på lærarskule, men dei finst ikkje lenger, trur eg. Det høyrest ikkje særleg sexy ut å vere lektor lenger. No er det høgskule og universitet som gjeld, og du må helst ha ein master of business and administration om du vil bli general sales manager, eller kanskje du greier deg med ein bachelor om du vil bli key account manager, eller noko anna som krev at du kan drive med support eller coaching.

Men det er ikkje berre engelsk som gjeld, du skal helst bruke andre ord enn dei folk flest bruker, om du har noko å fare med, slik det var då vi laga hemmeleg språk som småungar, eit språk som berre eg og bestevenene mine forstod. Sidan språket, som vi kalla for norras, var hemmeleg og vi framleis liker å halde ting for oss sjølve, har eg berre fått løyve til å offentleggjere nokre få språkprøver her. Vil du seie hei på norras, må du seie harr. Ja er jara, og nei er gatt. Kom inn er akkadakk, og gå ut er jadas. Skal du seie ha det, må du seie sjong, og skal du seie takk, må du seie rada. Tala frå ein til ti er goss, eli, mongos, ala, novara, ikki, saa, mikka, lakk, rakkas.

Liknande språk finn du til dømes på konferansar, eller seminar, som det gjerne heiter. Der går folk rundt og snakkar om multiplikatoreffektar, fasilitatorroller, nettverksalliansar, regionalutviklingsmidlar, glokaliseringsperspektiv og gud veit kva dei har for seg av innfløkte tema. For å bøte på språkforvirringa har eg laga ei liste som kler karnevalsdrakta av nyorda og forklarer kva dei eigentleg tyder. Det blir berre plass til eit kort utdrag her, i alfabetisk orden:

Bravida = Televerket. Bring = Postverket. Chat = tørrprat om ingenting. Coach = person som tek 3 000 kroner timen for å late som om han veit mykje meir enn deg, og for å gi seg ut for å vere bestevenen din. Direktør = overbetalt dagleg leiar. E-mail = sjå chat. Facebook = ei ekstrem utgåve at lokalavisa di. Filofax = dagbok med skryt av alt du har gjort og alle du har møtt det siste halvåret, og alt du skal gjere og alle du skal møte neste halvår. Finanskrise = blakk. Instragram = sjå Facebook. Karbohydrat = sukker. Kundeservice = automatisk telefonsvarar. LOL = ler og ler (av absolutt ingenting). Mentor = sjå Coach. Mesta = Vegvesenet. Nettverk = menn som møtest i frimurarlosjen og på golfbana for å prate om korleis dei skal klare å karre til seg mest mogleg av det som tilhøyrer andre. Næringshage = ordinære kontorlokale i rådyre nybygg som blir leigde ut til skyhøge prisar. Personal Trainer = sjå Coach. Postmodernismen = 1980-talet og deromkring. Seniorkonsulent = overbetalt medarbeidar. Servicetorg = sjå Kundeservice. Single = einsleg som ikkje ønskjer å bli identifisert som einsleg. SMS = sjå Chat. Strategiske alliansar = sjå Nettverk. Telenor = sjå Bravida. Tidsklemme = dårleg samvit. Time Manager = sjå Filofax. Trivselshage = sjå Næringshage. Twitter = sjå Facebook. Veidekke = sjå Mesta.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...