Heim Nyhende – Bør vere på nett

– Bør vere på nett

– Ein politikar utan ein eller annan form for blogg eller sosial nettverk-profil har eg problem med å tru vil høyre på innspel frå veljarane, seier kommunikasjonsrådgjevar Bente Kalsnes.

Ho meiner lokalpartia allereie no burde få på plass kva målsetjing dei har, kva som er dei viktigaste sakene, kven dei skal nå og kva kommunikasjonsverktøy dei bør bruke i valkampen.

Og politikarane burde etablere seg på nett, for å kome i dialog med veljarane.

– For det er jo det sosiale medium med kommentarfelt handlar om, at ein kan gå i dialog. Når det er sagt bør politikarane velje kva kanal eller plattform dei vil setje fokus på for å få størst gjennomslagskraft, sidan det truleg berre er dei største partiapparata som kan vere overalt.

– Kva bør dei starte med?

– Dei bør starte med ei lærevillig haldning. Lytt, lær og test ut dei nye, interaktive kommunikasjonsverktøya som blogg, Twitter, Facebook, Flickr, Vimeo eller YouTube. Spør om råd, ver opne og fortel kvifor de ynskjer å bruke sosiale medium, er rådet frå Kalsnes.

Men ein må vere aktiv skal det ha nokon effekt.

– Dersom dei fullstendig neglisjerer innspel frå andre lesarar, ikkje les kommentarar eller svarar i kommentarfeltet, ser eg ikkje så stort poeng med å bruke sosiale medium for ein politikar.

Les meir om korleis kommunikasjonsrådgjevarar og folk flest meiner lokalpolitikarane bør kommunisere i valkampen i neste utgåve av LNK-avisa.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...