Heim Nyhende - Diskriminerer nynorskkommunane

– Diskriminerer nynorskkommunane

Reisemålsorganisasjon opplever at tilbydarane av nettløysingar for reiselivet ikkje vil leggje til rette for nynorskbrukarar.

– Våre tilsette blir oppmoda om å bruke bokmål i staden for nynorsk, seier dagleg leiar for Reisemål Ryfylke, Hanne Sundbø til LNK.no.

Kjerna i saken er ei felles nettsatsing som Fjord Norge tilbyr organisasjonane sine. Her får organisasjonane kvar si einsarta nettside som dei sidan skreddarsyr tilpassa sitt behov. Ein vesentleg del av denne nettløysinga er ein database levert av selskapet TellUs, og denne databasen finst i dag berre på bokmål. Dette gjer at ein del av nettsida blir på bokmål, sjølv om reisemålsorganisasjonane bruker nynorsk i all tekst dei sjølve kan påverke.

– Vi har vore på opplæring hjå TellUs og tilbakemeldingane derfrå er at det er betre for oss å bruke bokmål enn å krevje nynorsk. Eitt av argumenta er at bokmål gir sidene våre fleire treff i Google.

Sundbø synest det er fortvilande å vere ein bevisst nynorskbrukar på sine nettsider, når ei sak skrive på nynorsk blir omgitt av bokmålsord som ligg fast i ein database som organisasjonsane ikkje kan påverke sjølve. Ho er kritisk til TellUs som ho opplever ikkje respekterer nynorskbrukarane sine krav til ein gjennomgåande nynorsk nettstad. Men å skifte leverandørar er heller ikkje aktuelt, så lenge TellUs er einetilbydar av desse databasane i Noreg.

– Det er mange nynorskbrukande reisemålsorganisasjonar på Vestlandet som no blir tvungne til å bruke bokmål og nynorsk om ein annan, seier Hanne Sundbø.

– Vi tilbyr database for reiselivet på ti språk, og eitt av dei er norsk, seier keyaccount manager i TellUs, Randi Ranset. Databasen består av 20 000 ord og vil vere svært dyr å omsetje, seier ho.

– Viss nokon ønskjer å få databasen omsett til nynorsk, så er det sjølvsagt teknisk muleg. Men då må nokon ta initiativet og sjølve ta kostnaden med det, seier Ranset. TellUs meiner dei har dekka behovet i den norske marknaden med det tilbodet dei har i dag og har ingen planar om å ta initiativ til ein nynorsk database.

Ranset avviser at dei oppmodar nynorskbrukarane om å gå vekk frå nynorsk. Men dei opplyser sine kundar om at Google ikkje greier å tolke ord på nynorsk og bokmål likt, slik at til dømes eit søk på «Prekestolen» ikkje vil få treff i artiklar med «Preikestolen».


BAKGRUNN:

Fjord Norge AS er eit reisemålsselskap for dei fire vestlands-fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Fjord Norge tilbyr sine medlemer nettsider under ein felles portal.

Nettsidene kan ha brødtekst på nynorsk, medan statisk informasjon berre er på bokmål.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...