Heim Nyhende 21,1 millionar til kollektivtilbod i distrikta

21,1 millionar til kollektivtilbod i distrikta

Regjeringa ønskjer no å styrke kollektivtilbodet i distrikta med 21 millionar kroner.

– I distrikta er det òg behov for eit fleksibelt kollektivtilbod. Eg er glad for å kunne medverke til etablering av nye ruter og erfaringsutveksling mellom fylkeskommunane.

Det seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at departementet hennar fordeler om lag 21 millionar kroner frå stønadsordninga Kollektivtransport i distrikta.

Denne forsøksordninga skal styrkje utvikling av kollektivtilbodet i distrikta gjennom utprøving og formidling av erfaringar frå ulike prosjekt. Tildelinga i år er den fjerde i rekkja og går både til vidareføring av noverande prosjekt og til nye prosjekt. Ved tildeling av pengane har ein prioritert prosjekt som har overføringsverdi til andre fylke.

Utgreiing og utprøving av bestillingstransport, anten til rutegåande kollektivtransport eller til kommunesenteret, er ein fellesnemnar for fleire prosjekt. Andre tema er samordning av gjeldande ruter inn i nye tilbod, gjennomgåande billettering og felles rutetabell for kollektivtransporttilbodet på staden, offentleg transport og samordning overfor helsesektoren og utvikling av knutehaldeplassar. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...