Heim Nyhende Unge tankar

Unge tankar

Prosjektet Midt i Gudbrandsdalen 2020 lanserer no ein eigen tenketank for og med ungdom.

Det er ungdom frå dei tre kommunane i Midt-Gudbrandsdal, saman med regionrådet og Vinstra vidaregåande skule som står bak tenketanken, skriv lokalavisa Dølen. Ungdommane som representerer dei ulike aktørane, er valde ut frå elevråd og ungdomsråd.

Gode ambassadørar
– Regionrådet for Midt-Gudbrandsdal tek den negative befolkningsutviklinga på alvor, og difor har me sett i gang prosjektet Midt i Gudbrandsdalen 2020. Prosjektet skal inspirere til betre bumiljø, nyskapande næringsverksemd og auka tilflytting til regionen vår. Med dette som bakteppe har regionrådet rådført seg med ein del av innbyggjarane i dei tre kommunane, også ungdommane, seier Jan Sandbakken, koordinator i regionrådet til Dølen.

Han nemner vidare at ein har starta ein intervjurunde med ein del elevar for å få fram statusen for Midt-Gudbrandsdal.

– Det har noko med at dei er på siste stasjonen før dei reiser ut for å ta utdanning eller begynne i arbeidslivet. Me må bli gode ambassadørar for det som er bra i bygdene våre, seier han til lokalavisa.

– Vår framtid
Leiar for ungdomsrådet i Nord-Fron, Ola Esten Røssum, er glad ungdommen har fått ein slik sjanse til å delta.

– Dette handlar om framtida vår, og då er det supert at me kan få vere med og seie kva me meiner, og vere kreative når det gjeld Midt i Gudbrandsdalen 2020. Det er me som er ungdom i dag, politikarane håpar vil bu her i regionen som vaksne, seier han til Dølen.

Han meiner ein må våge dersom ein skal klare å skape noko nytt i regionen, og seier til lokalavisa at Midt-Gudbrandsdal er ein god plass å vere ung i.

– Me har eit godt tilbod både innanfor kultur og idrett, og eg trur dei fleste trivst godt i Midt-Gudbrandsdal. Utfordringa blir å gjere det enda meir attraktivt framover mot 2020, både for vaksne og ungdom, og det er ikkje umogleg, seier han.

 

Førre artikkelVil ha færre kommunar
Neste artikkelOpnar for bokmål

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...