Heim Nyhende Statsorgana bryt mållova

Statsorgana bryt mållova

Berre eitt av fire statsorgan oppfyller mållova på ein måte som kan kallast god, heiter det i ein rapport frå Språkrådet.

Den siste mållovsrapporten frå Språkrådet syner til dømes at berre halvparten av alle offentlege skjema finst på nynorsk, trass i at det er eit krav at alle skjema skal finnast på båe målformer. På nett har derimot nynorsktilfanget auka. Statlege nettsider har no omlag 10 prosent innhald på nynorsk, mot 5 prosent for nokre år tilbake. Kravet er at minst 25 prosent av tekstane på nett skal vere på nynorsk.

Statsorgana var gjennom St.meld. nr 7 (2005–2006) «Målbruk i offentleg teneste» pålagde å oppfylle krava i mållova til punkt og prikke innan 2008. Mållovsrapporten avslører no at 3 av 4 organ ikkje gjer ein god nok jobb.

– Leiarane i statsorgana må sende tydelege signal til organisasjonen om at mållova skal følgjast. Utan slike signal har det liten verknad at eit statsorgan arbeider godt med å bruke og utvikle den språkkompetansen som skal til, seier fagkoordinator Sigfrid Tvitekkja i Språkrådet. Ho peiker på at departement som har hatt nynorskbrukande statsråd går frå for låg nynorskprosent til å oppfylle krava i mållova på kort tid.

Heile statistikken finn du her.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...