Heim Nyhende Rustar opp vegnettet

Rustar opp vegnettet

Ordførar Inge Reidar Kallevåg (H) håpar ei realisering av Bømlopakken skal vere med på å sikre framleis vekst i øykommunen.

– Arbeidet med å få på plass Bømlopakken starta allereie i 2000. Dersom me framleis skal vere ein kommune i vekst må, me sikre oss eit godt vegnett også internt i kommunen, seier ordførar Kallevåg,

Bømlopakken inneber både opprusting av det opphavlege vegnettet og bygging av nye vegnett. Pakken har ein prislapp på ein milliard kroner og skal gjennomførast i løpet av ein 12-årsperiode. I fjor sommar vart planane vedtekne i Stortinget.

Naudsynt spleiselag

– Dette blir dyrt for bilistane?

– 60 prosent av kostnadane skal betalast via bompengar. Dersom alt går etter planen, er Trekantsambandet nedbetalt i 2012. Då flytter me bommen over brua til Spissøy. Då er det meininga å gjennomføre ein ny 15-årsperiode med bompengar der. Men takstane blir då kraftig redusert i forhold til det ein må betale i Trekantsambandet.

– Kva trur du innbyggjarane meiner om dette?

– Eg trur veldig mange ynskjer betre vegar og aksepterer at dei må vere med og betale. Aller helst skulle me sjølvsagt sett at staten hadde betalt gildet. Men me må vere realistar; skal me få gjort noko, må me vere med på spleiselaget. Det er ingen i Oslo som ankar på korleis vegane i Bømlo ser ut, slår Inge Reidar Kallevåg fast.

 

Gode kommunikasjonar

Bømlo kommune har hatt vekst i folketalet dei siste åra. I 2009 vaks til dømes folketalet med 133 personar frå 1. januar til 1. oktober, då var folketalet på 11212 innbyggarar. Ordførar Kallevåg viser til at trenden er klar: vekst i kystkommunane, medan dei indre kommunane slit med folketalsutviklinga. Han meiner kommunikasjonar, god utbygging av breiband og eit lokalt høgskuletilbod på Stord er viktige faktorar bak folketalsveksten.

– For unge menneske er jo breiband minst like viktig som gode vegar med gul stripe, slår han fast.

Ordføraren viser også til ei stabil sysselsetjing i kommunen.

– Til no har me ikkje hatt problem med å skaffe kvalifisert arbeidskraft til kommunen, men det er klart det kan bli ei utfordring i framtida. Me lyste nyleg ut stillinga som nettredaktør i kommunen og fekk inn om lag 18 søknadar. Det meiner me var ganske bra.

Førre artikkelRik historie
Neste artikkelFår ideane fram

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...