Heim Nyhende Beste nynorskbok

Beste nynorskbok

Den nynorske songskatten er kåra til fjorårets nynorskbok av Dag og Tid sine lesarar. Les kva LNK sin bokmeldar tykte om boka:

Ein ekte skatt

Boka Den nynorske songskatten er blitt ei imponerande samling av nynorsk kultur og musikkhistorie.

Terje Aarset er førsteamanuensis i norsk språk ved Høgskulen i Volda, samstundes som han er aktiv musikar.

No har Aarset gitt ut ei samling der han presenterer historia til 15 kjende nynorske songar. Her kan me blant anna lese om Blåmann, Mellom bakkar og berg og Den fyrste song. Og her er ikkje berre historier. Her er sjølvsagt også både tekst og melodi til songane, slik at boka i tillegg kan fungere som eit læreverk for den som er nyfiken på nynorsk musikkhistorie. I forordet til boka skriv Aarset sjølv at han har prøvd å framstille innhaldet på ein folkeleg måte, slik at ein skal nå både lek og lærd.

Boka fungerer godt på fleire måtar. Ho kan lesast som ei heil historie, men omtalen av kvar song står samstundes trygt på eigne bein.

– Å lese Den nynorske songskatten er som å vere på konsert og høyre framståande musikarar framføre noko som lyfter ein ut or kvardagen, skriv Bjørn Kvalsvik Nicolaysen i Dag og Tid om boka. Og han har heilt rett. Boka er som ein liten symfoni. Det er nesten som om tonane og tekststrofene kjem ut av boka og blir til rein musikk. Og mange vil truleg bli imponerte over detaljane og all kunnskapen som boka representerer. Visste du til dømes at teksten til Fager kveldsol smiler opphavleg er tysk?

Judith Sørhus Litlehamar

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...