Heim Nyhende - Vis fram jobbane

– Vis fram jobbane

KS startar no opp eit omdømmeprosjekt for å vise fram kommunen som ein god arbeidsgivar. Ein av kommunane som deltek, er Lom.

 

 

Målet med prosjektet er å få vist fram kommunane som attraktive arbeidsgivarar. 40 kommunar og fylkeskommunar søkte om å delta i omdømmeprosjektet.

– Det viser at det er ei stor interesse for dette blant medlemmane våre. Mange av dei har også allereie omdømmebygging på dagsordenen, seier prosjektleiar i KS, Åsbjørn Vetti, og legg vekt på at det no blir viktig å hauste erfaringar som også kan overførast til andre kommunar.

Prosjektet skal fylgje dei åtte prosjektkommunane gjennom eit år. Blant anna skal det arrangerast ulike fagseminar for dei utvalde kommunane, samstundes som det skal etablerast ein ressursbase på nett.

Må rette ryggen

– Kva trur du er noko av det viktigaste kommunane tek tak i ?

– Eg trur mange har eit påtrengande behov for å jobbe med korleis dei framstiller eigen kommune på eigne nettsider. Mange av kommunane er flinke til å skrive om den flotte naturen dei har, eller fordelane med å bu i kommunen. Færre er flinke til å skrive om dei ledige jobbane og om kommunen som arbeidsplass. Vis fram jobbane, slår Vetti fast.

Han legg også vekt på at det er viktig med organisasjonsidentitet når ein skal byggje omdømme.

– Kommunen må spørje seg om kva oppgåver dei har, og kva resultat dei får av arbeidet. Det handlar om å rette ryggen og vere bevisst på kven ein er. Dei fleste av dei som arbeidar i kommunane, meiner jo at kommunen er ein god arbeidsplass. Ute blant publikum er det diverre eit inntrykk av at kommunen er tungrodd og byråkratisk mange stadar.

God merkevareklang

Prosjektleiaren viser til at mange kommunar har ei brei interesse for å arbeide systematisk med omdømme. Når året er omme, håpar han prosjektet har klart å få fram gode verktøy kommunane kan bruke, og at arbeidet har fått gode ringverknadar, også for andre enn dei åtte prosjektkommunane.

– Målet er at kommunane blir flinke til å vise fram kvalitetar som arbeidsgivar, seier han og trekkjer fram Lom kommune som ein av dei som alt har satsa mykje på omdømmebygging.

– Lom var tidleg ute med å definere omdømmearbeid som eit satsingsområde. Kommunen har ein god merkevareklang som kjem til uttrykk på mange måtar. Og eit fokus frå ulike media på både folk, hendingar og miljø har bevisstgjort kommunen slik at vi har starta omdømmearbeid, seier ordførar i Lom, Simen Bjørgen (Sp).

Han legg vekt på at eit positivt omdømme er viktig for å bli attraktiv som arbeidsstad og arbeidsgivar.

– Me er ei reiselivsbygd og veit at positivt omdømme skapt av gjester som har vore på vitjing hjå oss, og som talar positivt om oss, er trafikkskapande i neste omgang. Det er eigentleg heilt elementært. Utfordringa blir då å setje dette i system og arbeide bevisst med dette over tid.

Omdømmebygging er eit av tre hovudsatsingsområde i kommuneplanen til Lom, og dei fekk i 2008 Fylkesmannen i Oppland sin fornyingspris.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...