Heim Nyhende Arbeidsinnvandringa aukar

Arbeidsinnvandringa aukar

 

Arbeidsinnvandringa aukar, om enn ikkje like mykje som tidlegare år. Det syner nye tal frå Utlendingsdirektoratet (UDI).

1. mars hadde 96 300 personar gyldig arbeidsløyve her i landet. Det er ei svak auke sidan årsskiftet, men likevel ein nedgang samanlikna med same periode i fjor. I løpet av januar og februar det blitt gitt 11 773 arbeidsløyve til utanlandske arbeidstakarar. Talet inneber både nye løyve og forlenging av eksisterande, melder UDI. Til samanlikning vart det gitt  14 511 løyve på same tid i 2008. Dei fleste arbeidsinnvandrarane kjem frå Polen, Tyskland og Litauen, og bygg- og anleggsbransjen er den som sysselset flest arbeidsinnvandrarar.

Ein analyse utført av NAV peiker på at Noreg vil halde fram med å vere eit attraktivt land å arbeide i for utlendingar, gitt at finanskrisa ikkje berører Noreg like mykje som andre land.

Språket utfordrar
Auka arbeidsinnvandring byr på utfordringar for kommunane, og språkopplæring og busetjing er mellom dei største, seier ordførar Sonja Edvardsen i Eid kommune til LNK.

– Systematisk språkopplæring er heilt avgjerande i ein integreringsprosess, og ansvaret for dette  ligg til dei sentrale styresmaktene og til kommunane, meiner Edvardsen.

Meir om denne saka kan du lese i LNK-avisa som kjem før påske.

Arbeidsinnvandring er og eit tema på landstinget i Loen i mai.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...