Heim Nyhende Kvam herad er kåra til årets nynorskkommune 2024

Kvam herad er kåra til årets nynorskkommune 2024

Kvam herad vart i dag, måndag 21. oktober, kåra til årets nynorskkommune 2024.

Kvam herad har fått prisen for: «sitt språklege medvit, for sin aktive bruk av målet og for å invitera verda inn i nynorsken.

Prisen vert delt ut kvart andre år og er på 200.000 kroner.

Nynorsk i vaksenopplæringa

I år la juryen særleg vekt på korleis kommunane sikrar at innvandrarar og flyktningar får eit godt tilbod for opplæring i og på nynorsk.

Opplæring på nynorsk kan gjera integreringa i lokalsamfunnet lettare,
og vera til støtte for å læra seg den lokale dialekten. Kvam var blant dei første til å bruka nynorsk i vaksenopplæringa for om lag 20 år sidan.

– Kommunen har brøyta veg for andre kommunar ved å sjølve omsetja læremiddel til
nynorsk, og ved å arbeida andsynes forlag og andre for å få læreverk på nynorsk.
Dette gjeld også for digitale læringsressursar, der dei gjer ein god innsats for å få
desse på nynorsk, skriv juryen i grunngjevinga si.

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery delte ut prisen på Nasjonalbiblioteket i Oslo. Ordførar Torgeir Næss tok i mot prisen og takka på vegne av Kvam herad. Foto: Svein Olav B. Langåker

– Knyter oss tettare

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery delte ut prisen på Nasjonalbiblioteket i Oslo. Ordførar Torgeir Næss tok i mot prisen og takka på vegne av Kvam herad.

– Nynorsken knyter oss nærare til kvarandre, og nærare til røtene våre. Språket bidreg såleis til integrering på fleire plan, både for innfødde og tilflytta innbyggjarar, sa han då han tok i mot prisen.

– Krev ekstra innsats

Rådmann Anita Hesthamar, Kjell Arne Gjøn, rektor ved vaksenopplæringa i Kvam og Kari Weltzien Vik, administrativ rådgjevar var med og heldt faginnlegget frå Kvam herad i lag med ordførar.

– Det krevst ekstra innsats å vera ein nynorskkommune. Då er det stas og motiverande å få ei slik anerkjenning for arbeidet som våre medarbeidarar har lagt ned over lang tid, seier rådmann Anita Hesthamar.

Får skryt frå juryen

Dagleg leiar i LNK, Svein Olav B. Langåker, har sete i juryen, saman med Margrethe Kvarenes frå Språkrådet, Gro Morken Endresen frå Noregs Mållag, Osterøy-rådmann Ingvild Kjersti Hjelmtveit frå KS og Gaute Øvereng frå Nynorsk kultursentrum.

– Kvam herad vinn prisen Årets nynorskkommune 2024 for sitt språklege medvit, for
sin aktive bruk av målet og for å invitera verda inn i nynorsken, skriv juryen.

Vinnarkommunen arbeider systematisk for at dei tilsette og folkevalde skal få
opplæring i å skriva klårt, tydeleg og korrekt nynorsk. Her nyttar kommunen ei rekkje
verktøy og hjelperåder, som òg er tilgjengelege for publikum på nettstaden til
kommunen.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...