Heim Nyhende Nynorskkommunane støttar økonomisk likestilling for Det Norske Teatret

Nynorskkommunane støttar økonomisk likestilling for Det Norske Teatret

Styret i Nynorskkommunane – LNK stiller seg bak Tett gapet – aksjonen for å auka tilskotet til Det Norske Teatret.

Nynorskteateret i hovudstaden manglar 30 millionar kroner for å vera likestilt med Nationaltheatret. Dei siste 30 åra har Det Norske Teatret mista nær ein million i året. Norsk språk og norsk kultur taper terreng i eit stadig meir globalisert underhaldningstilbod.

Staten bør følgje opp si eiga språklov med å likestille det nynorske nasjonalteateret Det Norske Teatret med Nationaltheatret.

– Skal Oslo vera ein hovudstad for heile landet, så er det viktig at det nynorske nasjonalteateret ikkje får mindre i statsstøtte. Styret oppmodar alle medlemskommunane om å gå saman om å støtta det nasjonale nynorskteateret, seier styreleiar i LNK, Sara Hamre Sekkingstad.

LNK har vedtatt å kjøpa ein teaterstol for å støtta aksjonen.

Korleis kan du eller kommunen din hjelpa?

• Del gjerne, dersom du støttar Det Norske Teatret!

Støtt gjerne aksjonen økonomisk. Du kan anten gi eit valfritt beløp, eller kjøpe ein av fordelane i fordelsprogrammet vårt.

• Er du med i eit lag eller ein organisasjon som vil støtta kampanjen, kan du finna kampanjemateriell her.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...