Heim Nyhende Kartverket satsar på nynorsk

Kartverket satsar på nynorsk

November er nynorskmånad i Kartverket, og i det høvet legg verksemda ned ein ekstra innsats for å auke bruken av nynorsk på kartverket.no og andre kommunikasjonsflater.

– Vi oppmodar alle tilsette til å bruka nynorsk internt og eksternt i november, seier kommunikasjonsdirektør Synne Storvik i Kartverket i ei pressemelding.

Språklova krev at sentrale statsorgan skal veksle mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengeleg materiale, slik at ingen av skriftspråka er representerte med mindre enn 25 prosent. Statistikken viser at svært få organ oppfyller lovkravet.

Ifølgje rapportering gjort av Språkrådet har Kartverket auka nynorskandelen på nettsidene frå 21 til 22 prosent i 2022, og i sosiale medium ligg andelen på 18–29 prosent. Likevel lukkast Kartverket ikkje med å oppfylle kravet om 25 prosent nynorsk i 2022.

For å styrke det språklege samarbeidet, har Kartverket etablert ei eiga nynorskhjelp der engasjerte kollegaer hjelper dei som ikkje skriv like mykje nynorsk.

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...