Heim Innspel Mellom appar og bærbare skjermar heve nynorsken mista sin heim

Mellom appar og bærbare skjermar heve nynorsken mista sin heim

Kunnskapsdepartementet er asfalten nynorske løvetannbarn må sprenge seg gjennom.

Alle norske elevar har lenge hatt rett til læremiddel på eige språk, men tida der eit læremiddel var éi fysisk bok i kvart fag, er forbi. Penn og papir blir bytte ut med PC og padde, og skjermtida aukar. I løpet av ein skuledag er elevane innom ei lang rekkje digitale læremiddel, læringsressursar, appar og verktøy – og berre eit fåtal finst på nynorsk.

Noregs Mållag meiner Stortinget må lovfeste krav om nynorskversjonar av alle  læringsressursar som er laga for å bli brukte i opplæring. Berre slik kan vi sikre nynorskelevane ei like god opplæring som bokmålselevane.

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) og regjeringa meiner det er eit urimeleg krav. Anten forstår ho ikkje kva det dreier seg om, eller så vil ho ikkje forstå. Konsekvensen er uansett at nynorskelevane blir tvinga til ei opplæring på feil språk.

Regjeringa lèt igjen øyra for det fortvilte ropet frå elevar, foreldre, lærarar og rektorar i nynorskkommunane. Som leiar i Mållaget blir eg ikkje berre fortvila, eg er forbanna rasande! Det er offisiell norsk språkpolitikk at det offentlege aktivt skal fremje nynorsk. Det minst brukte språket må bli favorisert for å jamne ut dei skeive tilhøva mellom språka våre. Men her ber vi ikkje om særtiltak. Vi ber om likeverd.

Nynorskelevane er ikkje andrerangs elevar, men styresmaktene vil ikkje gje dei like kår. Argumentasjonen deira er både lettbeint og vikarierande, og full av logiske brestar. Det er som dei ikkje veit kva dei snakkar om.

Eg kan forklare:

Eit nynorskkrav til digitale læringsressursar som er laga for skulen, vil utfordre “skolenes pedagogiske og faglege handlingsrom”, seier dei. Nynorskskulane har ikkje dette handlingsrommet i dag, dei er stort sett tvinga til å velje bokmål. Ingen vil misse noko valfridom av å kunne velje mellom språka. Dei som lagar desse appane og programma, bryr seg ikkje om nynorsk, men om pengar. Dei utnyttar den utydelege skilnaden mellom læremiddel og læringsressurs for å unngå nynorsk. Med lovkrav må dei lage nynorskversjonar for å kunne selje produkta sine til norske skular. Det er teknisk gjennomførbart, og kostar ikkje staten ei krone.

Regjeringa hevdar vidare kor urimeleg det ville vore om alle avisartiklar, leksikon eller kjelder på internett skulle ha nynorskkrav på seg for å bli brukte i klasserommet. Men det er ikkje det vi ber om! Departementet seier i klartekst at ein læringsressurs har faglig innhald, gjerne i mindre omfang [enn læremiddel, min merknad] og i avgrensa emne og tema. Regjeringa skil altså mellom generelle ressursar og læringsressursar som er utvikla for bruk i opplæring.

Men når dei brukar døme (avisartiklar, leksikon og kjelder på internett) frå den første kategorien som argument mot nynorskkrav for den andre kategorien, heng ikkje logikken deira på greip. Det er departementalt juks og grenselaust provoserande.

Vi og nynorskelevane har massiv støtte bak krava, frå norske kommunar, organisasjonar som Utdanningsforbundet og statens eige fagorgan for språkspørsmål, Språkrådet. Men mest interessant er den mobiliseringa vi ser på grasrota i regjeringspartia. Lokal- og fylkeslag i Arbeidarpartiet og Senterpartiet krev at regjeringa si vedtek endringa vi føreslår. Alle stortingsrepresentantane som snakka om lova då ho kom, understreka at ein ikkje har kome i mål. Det blei altså opna for endringar allereie før lovforslaget var éin time gamalt.

Det er det gode grunnar til: No er det Stortinget som har ansvaret for korleis lova blir. Og stortingsrepresentantane som vedtek lova i juni, skal sjå foreldra til nynorskelevane i auga og be om attval om to år.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...