Heim Nyhende Mange er likegyldige til kommunereforma

Mange er likegyldige til kommunereforma

Ordførarar, kommunepolitikarar, rådmenn og andre lokale aktørar ønskjer at folkerøystingar skal respekterast så langt det lèt seg gjere. Om lag halvparten av folket er derimot likegyldige til kommunereforma. 

 

Det er i ei landsrepresentativ spørjegransking frå Norsk medborgerpanel det kjem fram at mange er likegyldige til reforma.

– Slik den undersøkinga står fram verkar det som spørsmålet om kommunereforma ikkje er særleg brennheitt blant folk flest. Heile 46 prosent av dei som deltok svarte at dei ikkje hadde meiningar om kommunereforma. Mange har kanskje ikkje fått med seg kva ei eventuell samanslåing inneber, seier Bjarte Folkestad til Nynorsk pressekontor.

Folkestad er ein av forskarane som har jobba med rapporten «Lokale folkeavstemninger om kommunesammenslåing: Praksis og prinsipper.» Rapporten, som blei publisert midt i november, tek for seg dei lokale folkerøystingane som har blitt haldne i samband med den kommunereforma.

Lokalpolitikarar vil respektere folket

Folkestad og dei andre forskarane har mellom anna intervjua ordførarar, kommunepolitikarar, rådmenn og andre lokale aktørar i samband med rapporten. Intervjua peikar på at politikarar og lokal administrasjon i stor grad er opptekne av å respektere resultata frå ei rådgjevande folkerøysting.

– Totalt gjennomførte vi 29 intervju i 13 case-kommunar. Det er heilt tydeleg at politikarar og kommuneadministrasjon ønskjer å respektere valresultata frå dei rådgjevande folkerøystingane, seier Folkestad.

– Kvifor blir det så viktig for politikarane å respektere folkemeininga når mange er likegyldige til reforma?

– Det er klart at politikarar som står midt oppe i reforma har eit heilt anna forhold til den enn folk flest. Det er nok hovudårsaka til at dei ønskjer å respektere folkemeininga, fortel Folkestad.

Lokale variasjonar

Undersøkinga frå Norsk medborgerpanel tek ikkje for seg lokale variasjonar. Det er difor vanskeleg å seie noko konkret om kvar ein bryr seg minst om reforma og kven som bryr seg minst om reforma.

– Deltakinga i folkerøystingane har variert frå 10 prosent til rundt 75 prosent. Det viser at det eksisterer lokale variasjonar rundt engasjementet, men kvar engasjementet er størst har vi ikkje vi sett noko på, avsluttar Folkestad.

Norsk medborgerpanel er finansiert av Universitetet i Bergen / Uni Research Rokkansenteret. 2108 respondentar deltok i den undersøkinga.

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...