Heim Nyhende – Når eg nyttar språket mitt representerer eg veljarane

– Når eg nyttar språket mitt representerer eg veljarane

Om du byter ut dialekten di og språket ditt i møte med andre, då har du gløymt kvar du er ifrå, meiner landbruksminister Jon Georg Dale.

 

På heimebane og med brei Dalsfjorddialekt opna landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) Dei nynorske festspela 2017 i Ørsta torsdag kveld. Identitet, språk og truverd var tema han tok opp i talen under opningshøgtida.

– Det å ha ein klar profil, og nytte språket som ein klar identitetsskapar betyr sjølvsagt mykje for meg som politikar. Om du er frå ein gard frå inst inn i Dalsfjorden på Sunnmøre – ja då har du brei dialekt og då nyttar du nynorsk. Slik er det berre. Om det var eg som var veljaren, og politikaren eg skulle stemme på hadde bytt ut språket sitt, hadde det vore vanskelegare å ta den personen seriøst. Om du byter ut dialekten di og språket ditt i møte med andre, då har du gløymt kvar du er ifrå, meiner landbruksminister Jon Georg Dale.

Meir bevisst nynorsk då han brukte bokmål

Og det var akkurat då han sjølv ikkje brukte språket sitt, at han tok standpunktet om å bruke nynorsk då han sjølv blei statsråd. Gjennom å jobbe under andre der bokmål var naturleg å bruke i jobbsamanheng, vart han meir bevisst sitt eige språk. Og frå dag ein som statsråd vart det slik sjølvsagt at han skulle nytte nynorsk som arbeidsspråket sitt.

– Eg trur eg er den einaste landbruksministeren på over 50 år som har nytta nynorsk som arbeidsspråk. For meg var det sjølvsagt at det skulle vere slik, fortalde han i opningstalen. Men i eige departement er det ikkje berre han som brukar nynorsk. Han er også kjend for å ha sendt eigen stab på nynorskkurs.

– Når eg høyrer dei som byter ut språket sitt i møte med andre, tenkjer eg at det er veldig jålete på eit vis. Og då mister du ditt eige særpreg.

– Dialekt er identitet

At han har brukt nynorsk som skriftspråk og dialekten sin i møte med veljarane strategisk, vil han ikkje ha på seg. Men at han har hatt mykje igjen for å gjere nettopp det, svarar han eit klart ja til.

– Det er klart at det hjelper å snakke dialekt, å vise eigen identitet i møte med bønder på bygda over heile landet. Og det er klart det kjem godt med å ha ein sterk dialekt som vitnar om at du kjem frå ei lita bygd, når du diskuterer kommunepolitikk, innrømde han under opningstalen.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...