Heim Nyhende Framtida.no med nynorskløft for barn på nett

Framtida.no med nynorskløft for barn på nett

Med støtte frå Kulturdepartementet startar LNK og Framtida.no ein nynorsk nettstad for born hausten 2017.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) har fått ein halv million kroner til å etablere ein nynorsk nettstad for barn i alderen 7–12 år.

Under det førebelse namnet Framtida junior skal nettstaden tilby dagleg oppdaterte nyheiter, faktaartiklar, kultursaker, boktips, spel, skrivekonkurransar, debatt, video, musikk og aktivitetar for barn i barneskulealder. Tilbodet kjem i tillegg til LNKs nettavis for ungdom og unge vaksne (15–25 år), Framtida.no , og nettmagasinet Magasinett, som er retta mot elevar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen.

– Det manglar i dag eit dagleg oppdatert digitalt tilbod på nynorsk for barnetrinnet, seier prosjektleiar og redaktør i Framtida.no Svein Olav Langåker.

Språkmelding-pengar
Magasinett fekk tidlegare i år 150.000 kroner frå Utdanningsdirektoratet til å førebu nettsatsinga, og no har altså Kulturdepartementet støtta prosjektet med 500.000 kroner frå oppfølgingsmidlane til språkmeldinga Mål og meining.

Dermed kan nettstaden bli ein realitet ein gong til neste år, mest truleg i regi av Framtida.no-redaksjonen, som òg har ansvaret for Magasinett.

– Det er veldig gledeleg at Kulturdepartementet vil støtte arbeidet vårt med å få meir godt innhald på nynorsk på nett. Målet vårt er å lage eit tilbod som er så spennande og godt at barna vil ha lyst til å bruke det i fritida, og så lærerikt og bra og nyttig at lærarane og foreldra vil ønskje at ungane bruker det på skulen og heime, seier Langåker.

Samarbeidspartnarar
LNK har knytt fleire samarbeidspartnarar til prosjektet, blant dei Samlaget, som skal bidra med tilgang til digitalt lesestoff på nynorsk, barnehagekulturavisa Pirion og ABC Startsiden. Norsk Barneblad lurer òg i kulissane.

– Vi har òg snakka med fleire lokalaviser og tar gjerne ein prat med fleire, seier Langåker.

– Ein viktig grunn til at vi har lykkast med Framtida.no, er at vi har hatt veldig mange gode samarbeidspartnarar.

Over 400.000 har vore innom Framtida.no til og med november i år, 59.000 berre i november. Dermed ligg nynorsknettavisa an til ein god årsrekord i 2016.

Les fleire nyheiter om redaksjonen her!

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...