Heim Nyhende Boklansering og lyrikkonsert i Ulvik

Boklansering og lyrikkonsert i Ulvik

Spør vinden og ny gjendikting av Olav H. Hauge.

1. juni kjem Bodil Cappelen og les Hauge-dikt saman med felespelaren Knut Hamre og sopranen Ranveig Lægreid i framsyninga Spør vinden. Frå USA kjem forfattar Olav Grinde og forleggar Dennis Maloney for å presentera ei ny og omfattande gjendikting av Hauge på engelsk.

– Det er første gongen at denne førestillinga blir framført i Ulvik, og me er spesielt glade for at Bodil bidreg ved dette spesielle høvet, seier dagleg leiar ved Hauge-senteret Geir S. Netland i ei pressemeldng.

Spør vinden er ei musikalsk og lyrisk framføring inspirert av diktinga til  Olav H. Hauge der Bodil Cappelen les utvalde dikt. Hardingfelespelaren Knut Hamre, som også var ein nær ven av Hauge, spelar folketonar frå Hardanger med song av Ranveig Lægreid. Ranveig, som kjem frå Eidfjord, er utdanna klassisk songar, men er oppvaksen i folkemusikktradisjonen, så dette er tonar som ligg hennar hjarta nær.

Luminous Spaces er den til no mest omfattande gjendiktinga av Olav H. Hauge på engelsk og kom nyleg ut i USA. I tillegg til over 300 dikt inneheld boka eit utval dagbokomsettingar som innleiing til alle dei 7 diktsamlingane som utvalet inneheld. Bodil Cappelen har også gitt løyve til gjendikting av 16 dikt som vart funne etter Hauges død. Olav Grinde har gjendikta ei rekkje norske lyrikarar til engelsk. Mellom dei Rolf Jacobsen, Stein Mehren, Marie Takvam, Eldrid Lunden og Hans Børli. Gjendiktinga av Olav H. Hauge inkluderer også dagbokutdrag og skil seg i tillegg ut med breitt diktutval frå heile forfattarskapen. 

Olav Grinde og forleggar Dennis Maloney besøkte Olav H. Hauge og Bodil Cappelen i Ulvik i 1990. Dette var startpunktet for det omfangsrike arbeidet som no føreligg. På Hauge-senteret blir det høve til å høyra meir om arbeidet med gjendiktinga og møte med Olav og Bodil. Dei vil også framføra fleire av gjendiktingane før kveld blir avslutta med Spør Vinden.    

– Arbeidet til Grinde og forleggaren er særs viktige bidrag for å gjera Hauges dikting kjent for amerikanske og engelskspråklege lesarar, og det er gledeleg å sjå at Olav H. Hauge stadig er aktuell også utanfor Noreg, avsluttar Netland.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...