Heim Nyhende – Ivar Aasen fekk tillit i alle samfunnslag

– Ivar Aasen fekk tillit i alle samfunnslag

Gaute Øvereng, dagleg leiar ved Aasentunet, opna Dei nynorske festspela med å fortelje om tilliten Ivar Aasen fekk frå både fagmiljø og dei som snakka språket han ville dokumentere.

 

– Som fagmann var Ivar Aasen sjølvlært. Likevel blei han vist så stor tillit frå det ypparste fagmiljøet i Noreg at han fekk lage sin eigen forskingsplan for det nynorske skriftspråket. Men sjølv om Aasen blei vist stor tillit i fagmiljøet, måtte han også vinne tillit hos dei som snakka språket for at språkinnsamlingane han hadde gjort skulle bli vellykka, sa Øvereng under opninga.

Tillit til arbeidet

Temaet for Dei nynorske festspela 2015 er «Tillit». I opningstalen fortalde Øvereng om då språksamlaren Aasen fekk tilliten i Vitskapsselskapet i Trondheim i 1842. Etter lang ventetid fekk han svaret han ønskte, ei stadfesting på 150 spesidalar i året for å halde fram å undersøkje og tilverke dei norske dialektane leksikalsk og grammatisk. Korleis dette skulle bli gjort, overlét direksjonen i Vitskapsselskapet til Aasen sjølv å bestemme.

Øvereng fortalde at Aasen forstod at noko av det viktigaste han gjorde var å vise at han sjølv kom frå «deira eigen stand», og at han og måtte vere på ein stad der han fekk mange i tale for å få med breidda i språket.

– Aasen vann tillit i alle lag av samfunnet, og visste det var nødvendig. For oss er det like viktig at han hadde stor tillit til at språket hans var godt nok til å byggje eit skriftspråk på. Gjennom Dei nynorske festspela skal vi vise oss tilliten verdig, og løfte fram det språket som er bygt på vårt eige, avslutta Øvereng.

Språkfestivalen finn stad i Volda og Ørsta frå torsdag siste veka i juni kvart år. (©NPK)

Her kan du sjå programmet til Festspela!

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...