Heim Nyhende Vellæte frå Språkrådet

Vellæte frå Språkrådet

Høgskolen Stord/Haugesund får ein god målbruk-attest frå Språkrådet.

 

– De har svært god veksling i både kortare og lengre tekstar, samt på nettsidene dykkar. Også i sosiale medium har de gjort eit godt arbeid for målvekslinga, skriv Språkrådet.

Kvart år rapporter statlege organ til Språkrådet om målbruk i offentleg teneste. I brevet som kom til HSH i starten på februar skriv Språkrådet:

«Høgskolen i Stord/Haugesund gjer framifrå arbeid for å oppfylle krava i mållova. De har svært god veksling i både kortare og lengre tekstar, samt på nettsidene dykkar. Også i sosiale medium har de gjort eit godt arbeid for målvekslinga.

De opplyste i svar på tilbakemeldinga i fjor dagsett 9. mai 2014 at de vekslar jamleg mellom bokmål og nynorsk i dei lengre tekstane dykkar, og at tala difor vil variere noko frå år til år. Vi meiner det er ei god løysing å veksle slik de gjer, for å oppfylle krava i mållova over tid. Vi har tillit til at de held fram med det gode målbruksarbeidet de gjer.»

Men Språkrådet ber HSH og ta eit tak:

Høgskulen har framleis ikkje alle skjema tilgjengelege på begge målformene, og dette må skulen sørgje for snarast råd.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...