Heim Nyhende Nynorskkurs slo an på Facebook

Nynorskkurs slo an på Facebook

Teikna nynorskvitsar gjorde med eitt nynorsk grammatikk meir populært enn vanleg på Facebook.

Dei humoristiske tekneseriestripene som Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda la ut på Facebook førre veke, er henta frå det nye og utvida undervisningsheftet «Nynorsk på 1-2-3». Heftet er mynta på skuleklassar, men teikneseriane viste seg òg å slå an på Facebook, fortel nettavisa Framtida.no.

Mange viste seg å like teikninga som demonstrerer skilnaden på «her har eg skrive» (på ei tavle) og «her har eg skrevet» (skrittet), ord som mange har lett for å blande saman på nynorsk. På kort tid vart innlegget delt 100 gonger, og 130 brukarar gav det tommelen opp.

Eit anna eksempel på den pedagogiske humoren er forskjellen på «den glade bodskap», til dømes å bli lottmillionær, og «den glade buskap», framstilt som danseglade kyr på diskotek.

Det er nettopp slike typiske feil rådgivar Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret ønskjer å komme til livs med humorteikningane.

– Når vi les nynorsktekstane til elevar og andre, ser vi at det stort sett er nokre få feil som går igjen. Tanken bak «Nynorsk på 1-2-3» er å nytte humor og visualisering for å hjelpe folk å styre unna desse vanlege nynorskfeila, seier Olsen til Framtida.no.

Olsen meiner Facebook eignar seg godt til å korrigere slike enkle feil på humoristisk vis, og seier at dette er noko Nynorsksenteret kjem til å gjere meir av framover. Men til dei meir kompliserte rettskrivingsreglane passar nok papir betre, trur han.

Olsen har utvikla manuset til heftet saman med Ingrid Slettevoll, mens Kristoffer S. Mathisen har stått for illustrasjonane. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...