Heim Nyhende Ove Eide heidra for god innsats for norskfaget

Ove Eide heidra for god innsats for norskfaget

Ove Eide frå Sandane er heidra med ein nyoppretta pris frå Landslaget for norskundervisning (LNU) for det mangeårige arbeidet og engasjementet sitt for norskfaget i skulen.

– Det er ei stor ære å bli heidra av kollegaer og fagfeller, seier prisvinnaren i ei pressemelding.

I kriteria heiter det at prisen kan gå til «ein person eller institusjon som har levert viktige bidrag til norskfaget, ein person som har utmerkt seg gjennom framståande didaktisk praksis eller som har gjeve særlege bidrag til å spreie kunnskap om norsk språk og litteratur og kunnskap om undervisning i dette.»

– Ein institusjon
– Ove Eide oppfyller alle dei moglege kriteria for tildeling, seier styreleiar i LNU, Lars August Fodstad. Han meiner prisvinnaren nærmast må kunna kallast ein institusjon i norskfagleg samanheng.

Han peikar på har Eide har vore med i mange grupper og komitear for å utvikla norskfaget. Prisvinnaren var mellom anna med i læreplangruppa for Kunnskapsløftet. Han var også medforfattar av rapporten «Framtidas norskfag». I mange år har han også vore med på å utforma eksamensoppgåvene i norsk. For tida leier han fagrådet for skule og offentleg forvaltning i Språkrådet.

Ved sida av alle desse oppgåvene har Ove Eide heile tida halda stand i klasserommet.

– Det gjer prisvinnaren unik i norskfagleg samanheng, meiner Fodstad. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...