Heim Nyhende Solid medlemstal i Mållaget

Solid medlemstal i Mållaget

Noregs Mållag har 12.164 betalande medlemer i 2013, berre ein svak tilbakegang frå rekordåret 2012.

I 2012 vart det verva og mobilisert over 2000 nye medlemer til Mållaget. No har Mållaget 92 færre betalande medlemer i 2013 enn året før.

– Vi har budd oss på at 2012 ville vere eit heilt spesielt mobiliseringsår for Mållaget. Og eg lyt seie at vi er gledeleg overraska over at medlemstalet held seg så godt. Det er vi veldig stolte over, fortel Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

Ho fortel at svært mange av dei som vart verva i 2012, held fram å betale medlemskapen i 2013.

– Dette er veldig kjekt. Det gjev oss både sterkare økonomiske musklar og større politisk tyngd, peikar Gro Morken Endresen på.

Størst auke på Sunnmøre
Fylkesmållaget Sunnmøre Mållag leverer eit veldig solid medlemstalresultat for 2013. Dei har ein framgang på 48 medlemer. Og dette gjev dei eit medlemstal på heile 865 betalande medlemer. Siste åra har Sunnmøre Mållag fått to nye lokallag og oppattskipa to andre lag. Så dette fylkesmållaget har både greidd å drive lagsbygging og medlemsverving. Sunnmøre Mållag har verkeleg løfta seg siste åra. Laget har i dag nesten 300 fleire betalande medlemer enn for ti år sidan.

– Noko av det mest gledelege i året som gjekk, var at det vart skipa nytt lag i Sande kommune, og at laget allereie er godt i sving, fortel Terje Kjøde, leiar i Sunnmøre Mållag.

God auke i Austmannalaget
Også Austmannalaget opplever medlemsauke. Dei har 532 medlemer og det er 22 fleire medlemer enn året før. Dei har om lag 130 fleire medlemer i år, enn for ti år sidan. Austmannalaget har fått skipa oppatt to nye lag siste åra, og det er med å sikrar medlemsveksten.

– Det er mykje flott og spennande aktivitet i lokallaga våre, og det er svært inspirerande, seier Helen Johannessen, leiar i Austmannalaget.

Andre lag med plusstal
Det andre fylkesmållaga som har hatt medlemsvekst siste året, er Østfold Mållag, Valdres Mållag, Fylkesmållaget Vikværingen og Aust-Agder Mållag. Fyrstnemnde auka med 18 medlemer og har 125 medlemer, Valdres Mållag har 242 medlemer og auka med 16 medlemer, Fylkesmållaget Vikværingen har 1342 medlemer og auka med 10 medlemer og Aust-Agder Mållag har 334 medlemer og auka med 4 medlemer siste året.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...