Heim Nyhende Historisk godt år for KLP

Historisk godt år for KLP

KLP kan visa til gode resultat for 2013 med god avkastning, låge kostnader og auke i talet på kundar.


For femte år på rad har KLP den beste verdijusterte avkastinga av selskapa som konkurrerer i den offentlege tenestepensjonsmarknaden.

Verdijustert og bokført avkasting i 2013 enda på høvesvis 6,7 og 6,4 prosent. Aksjar, eigedom og hold-til-forfall obligasjonar var dei viktigaste bidragsytarane til den gode avkastinga.

– For tilsette i offentleg sektor og kundane våre er det viktig å visa at me tek godt vare på pensjonsmidlane gjennom å levera gode resultat, seier konsernsjef Sverre Thornes i KLP i ei pressemelding.

Forventa levealder i folkesetnaden aukar. Det inneber at pensjonane skal utbetalast over lengre tid og medfører behov for å styrkja premiereserven. Alle forsikringsselskapa vil difor nytta ein stor del av overskotet til å styrkja reservane.

– Det er veldig gledeleg å kunne konstatera at me har så gode resultat i 2013 at me gjer oss ferdig med å styrkja vår premiereserve for å møte den positive utviklinga som ligg i at folk lever stadig lenger, seier Thornes.

KLP nyttar dei gode resultata sine innan offentleg tjenestepensjon til å styrkja premiereserven med 4,5 milliardar kroner fordi folk lever lenger, medan 5,9 milliardar kroner blir overført til kundane sine premiefond.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...