Heim Nyhende Vrakar Olav H. Hauge-senteret

Vrakar Olav H. Hauge-senteret

Mange er skuffa over at regjeringa ikkje fann rom til å støtte Olav H. Hauge-senteret i Ulvik.

– At regjeringa føreslår å kutte investeringsmidlane til Hauge-senteret, er svært uventa, fagleg uforståeleg og stussleg kulturpolitikk, seier Grepstad til Møre-Nytt, han fryktar no  at opninga av Hauge-senteret i 2014 ikkje vert noko av.

Noregs Mållag er også skuffa over at Olav H. Hauge-senteret ikkje får 1,5 millionar kroner til å laga utstilling på Olav H. Hauge-senteret.

– Noregs Mållag registrerer at den nye regjeringa vil gjera kulturen meir uavhengig av staten og kuttar i gode kulturføremål, som Norsk kulturfond og reduksjon av produksjonstilskotet til avisene med heile 50 millioner kroner. Små språkområde som Noreg treng støtte for å kunna produsera skrift fordi marknaden ikkje er så stor at alle utgjevingar ber seg sjølve. Dette gjeld sjølvsagt nynorsk i endå større grad enn bokmål, seier leiar Marit Aakre Tennø.

– Alle språkbrukarar treng å sjå språket sitt brukt for at dei skal halda på det. Me vonar den nye regjeringa og Stortinget ser at litteratur og aviser er viktige område for å oppnå nett det, seier Tennø  i Noregs Mållag.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...