Heim Nyhende – Menneskerett å skrive nynorsk i VG?

– Menneskerett å skrive nynorsk i VG?

– Språkleg einsretting pregar dei fleste store avisene, særleg Aftenposten, VG og Dagens næringsliv, seier forfattar Kjartan Fløgstad, som under ein debatt denne veka utfordra representantar frå medie-Noreg på språkleg mangfald i dei store avisene.

Ordstyrar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn tok fram ei nesten fersk VG-framside der jenta i Vågå-saka fortel si historie – på nynorsk. Artikkelen oppslaget peikar mot er eit utdrag frå journalist Jon Gangdal si nyleg utgjevne bok, skriv Framtida.

– Er det ein menneskerett å skrive nynorsk i VG, spør Gregoriusdotter Rotevatn.

– No er denne saka spesiell, sidan Vågå-dialekta og forklaringa av enkelte ord har fått ei viktig rolle, meiner Kjersti Løken Stavrum, generalsekretær i Norsk Presseforbund og peikar på at det difor kan vere vanskeleg å samanlikne denne saka med andre VG-oppslag.

Ho diskuterte språkleg mangfald i media saman med redaktør i Dagbladet John Olav Egeland og NRK sin ferske språksjef Ragnhild Bjørge.Debatten vart arrangert av Det norske teatret og Nynorsk kultursentrum, i høve teateret sitt 100-årsjubileum.

Kjartan Fløgstad meinte på si side at fleire aviser bør gjere som Bergens Tidende, Klassekampen, Vårt Land, Nasjonen, Morgenbladet og til ein viss grad Dagsavisen, å opne opp for nynorsken.

– Den språklege tradisjonen i Dagbladet stammar frå ei tid med eit strengare synspunkt på språk og at det at det tidlegare var ei Osloavis, forklarar redaktør Egeland, som trur dei hadde fått reaksjonar om dei hadde meir nynorsk, til Framtida.no

– Språkdebatten er ei heit potet, konstaterer Egeland.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...