Heim Nyhende Saknar språkforsking

Saknar språkforsking

 

Det er stort sett sosiologiske og politiske grunnar til å kalle bokmål og nynorsk for målformer og ikkje for ulike språk, meiner fleire språkforskarar.

– Vi meiner at moderne språkforsking gir oss eit anna grunnlag og gode argument for å seie at det faktisk dreier seg om to ulike språk. I alle høve trengst det mykje meir forsking på korleis barn lærer både bokmål og nynorsk, og ikkje minst den store dialektvariasjonen i norsk. Her er det mildt sagt upløgd mark som berre ventar på oss språkforskarar, skriv Terje Lohndal, Mila Vulchanova, Tor Anders Åfarli  ved Institutt for språk og litteratur på NTNU i Aftenposten.

Forskarane stiller spørsmålet om kva me veit om den norske situasjonen og bokmål og nynorsk?

– Ved NTNU har vi starta med å utforske dette spørsmålet. Eit eksperiment som har blitt presentert i ein rapport frå Språkrådet, syner at dersom du skriv nynorsk, les du bokmål raskare, slår språkforskarane fast.

– I undersøkinga skulle 50 deltakarar prøve å kjenne att 540 ord. Dei såg eitt ord om gongen, der nokre var oppdikta mens andre var ekte. Resultatet var at deltakarane generelt kjende att ord på bokmål raskare enn ord på nynorsk. Men det som var spesielt interessant, var at dei som skriv nynorsk ofte, kjende att ord frå både bokmål og nynorsk raskare enn dei som ikkje skriv nynorsk ofte.

– Dette var ein måte å teste tilhøvet mellom bokmål og nynorsk på, og vi skal vere dei første til å seie at vi treng meir forsking på området

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...