Heim Nyhende Hundreåring inviterer til bursdagsfest

Hundreåring inviterer til bursdagsfest

Det Norske Teatret fyller 100 år i år, og det skal feirast. Søndag 6. oktober inviterer teatret til ope hus, framsyningar, omvisingar og eige kostymesal.

 

Både konge og kvarmann er invitert når Det Norske Teatret i Oslo i år jubilerer. Søndag 6. oktober blir det folkefest i og rundt teateret.

Kjøp kostyme med heim
Til den offisielle opninga blir det framført ein eigen jubileumsprolog, skriven av Jon Fosse. Ein nykomponert fanfare blir også spelt.

For dei som er interesserte i det som skjer utanfor og bak scena, inviterer teateret til guida omvisingar. Har ein tidlegare sett eit flott kostyme ein likar, kan ein kanskje finne det att i teatret sitt eige kostymesal. Dei minste kan få prøve teatermåling.

Byr på festframsyningar
På scenene til teatret blir det festframsyningar gjennom heile dagen. Framsyningane skal vise att både musikkteatret, barneteatret og det moderne teatret Det Norske Teatret. På dei ulike scenene kan ein oppleve smakebitar frå mellom anna Les Misérables, Bør Børson, Peter Pan og Pippi Langstrømpe.

I høve jubileet er det også laga eit eige frimerke ein kan få stempla, og historieforfattar Alfred Fidjestøl kåserer om teatret. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...