Heim Nyhende Målpris til Terje Fatland

Målpris til Terje Fatland

Rogaland Mållag gir Målprisen 2012 til Terje Fatland.

– Prisvinnaren har sett ein klar bygdesignatur inn i fylkeskommunen sitt mangslungne arbeid, etter kvart heilt inn i toppen av den administrative leiinga, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Terje Fatland har heilt sidan 1982 hatt sitt virke i fylkeskommunen. Han er fødd i 1952 og har bakgrunn i bygdeliv og  bygdekultur.
– Kanskje ikkje tilfeldig at han kjem frå bygda der Rasmus Løland er fødd, den første og største barnebokforfattaren Noreg har fostra, skriv juryen.

Juryen legg også vekt på at nynorsken har vore ein heilt naturleg del av Fatland sitt virke, ikkje minst har dette påverka fylkeskommunen sin kommunikasjon med innbyggjarane i fylket vårt. Fylkeskommunen er språkleg nøytral, og juryen meiner Fatland har gjort ein god jobb for at nynorsken skulle vise igjen.

– Terje har med sin penn blitt lagt merke til. Han vender seg til oss med formuleringar og ordspel som gir oss innblikk i kva som kan ligge i heidersnemninga «ordhag».  På ein uhøgtidleg og lite prangande måte gjer han nynorsk ufarleg, samtidig som han tar oss med inn i spennande språklege samanhengar nynorsken er åleine om som norsk mål. Hans mange gode leiartekstar i fylkeskommunen sitt gode magasin «Rogaland i utvikling» viste dette for eit stort publikum, heiter det i grunngjevinga.

Det var fylkesordførar Janne Johnsen som delte ut prisen. Tidlegare biskop Bjørn Bue og fylkestannlege Bjørg Øyri er mellom dei som har fått prisen tidlegare. I 2011 var det Janove Ottesen i Kaizers orchestra som fekk den.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...