Heim Nyhende – LNK har funne sin plass

– LNK har funne sin plass

Avtroppande leiar i LNK la i sin leiartale vekt på at LNK har ein jobb å gjere i lag med kommunane også i framtida.

Astrid Myran Aarvik peika på LNK som ein solid organisasjon som har hatt ein stabil medlemsmasse og lojale medlemer i 20 år.

Ho trekte fram arbeidet med kursa På saklista som har vore og er svært populære språkkurs for kommunane. Også informasjonsarbeidet organisasjonen gjer med informasjon gjennom LNK.no og LNK-avisa er viktig, og satsinga mot barn og unge, gjennom nettstadane Magasinett, Framtida og Pirion meiner ho organisasjonen kan vere godt nøgde med.

– LNK har i mange år vore ein viktig premissleverandør i språkspørsmål inn mot statlege organ. I sist utgåve av LNK-avisa var fleire statsrådar inne på korleis dei i sine ulike posisjonar har gått til LNK og fått støtte og gode råd. Det håpar og trur eg både statsrådar, ordførarar, rådmenn og andre tilsette vil gjera i framtida også, sa Myran Aarvik.

I framtida blir det stadig viktigare å vere bevisste dei endringane språket og nynorsken står overfor, og der vil LNK spele ei viktig rolle overfor kommunane også i framtida. LNK må halde fram med nynorskarbeidet mot barn og unge. Det er ungdommen som skal styre kommunane om nokre år, minna ho om.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...