Heim Nyhende Startskot for arbeid med å auke leselysta til barn

Startskot for arbeid med å auke leselysta til barn

Mens kvar einaste grunnskule i Noreg har to skulekonsertar i året, er det meir tilfeldig kva elvane får av litteraturtilbod.

Begge delar høyrer heime i Den kulturelle skulesekken, som skal sørgje for at barn og unge får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod.

– Vi når ikkje alle skulebarna med litteratur. Det bør ikkje vere slik, seier fagleg leiar Vera Michalsen i Den kulturelle skulesekken. Tysdag var ho éin av vel 20 deltakarar på eit møte i Kulturdepartementet om leselyst. Kulturminister Hadia Tajik (Ap) hadde kalla til møtet for å starte arbeidet med å meisle ut ein felles strategi for leselyst retta mot barn og unge. Ho fekk klare råd om å ikkje berre satse på prosjekt, men satse meir langsiktig.

– Det skal eg ta med meg når vi lagar strategien. Målet er å komme tilbake med ein samla strategi før sommaren. Det trur eg er mogleg sidan det alt no er så mange som gjer mykje bra, seier Tajik til NTB. (NPK)

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...