Heim Nyhende – Må halde på karakter i sidemålet

– Må halde på karakter i sidemålet

– Eit revidert norskfag må halde på eigen karakter i sidemål. Fleirtalet i norsk skule har nynorsk som sidemål, og ei svekking av sidemålet er i praksis ei svekking av nynorsk, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

 

Læreplanen og vurderingsordningane i norskfaget skal reviderast. 5. mars var høyringsfristen på framlegga frå Utdanningsdirektoratet. No går saka til Kunnskapsministeren for endeleg vedtak.

Les heile høyringsuttalen frå Noregs Mållag

Utdanningsdirektoratet har sendt på høyring både framlegg med og framlegg utan eigen karakter i sidemål. Det er i dag eigen karakter i sidemål både i ungdomsskule og vidaregåande opplæring (studieførebuande program).

– Nynorskbrukarane treng ei statusheving, ikkje ei svekking. Noregs Mållag er svært oppteke av at sidemålsopplæringa får ei djupare grunngjeving som tek utgangspunkt i det tospråklege Noreg, og dei pliktene det fører med seg. Opplæring i både nynorsk og bokmål er heilt avgjerande for nynorskbrukarane sine språklege rettar. Utan god opplæring i begge språka for alle, vil ikkje nynorskbrukarane fritt kunne nytte språket sitt i den norske ålmenta, srkiv organisasjonen på nm.no

– Vi ventar at statsråden tek omsyn til den språkpolitikken som er vedteken av Stortinget når ho skal vurdere og ta stilling til framlegga som kjem frå Utdanningsdirektoratet. Skal vi kunne ha to jamstilte språk i framtida slik Stortinget ynskjer, krevst det satsing på nynorsk og eiga vurdering i sidemålet.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...