Heim Nyhende – Juridiske tekstar betre på nynorsk

– Juridiske tekstar betre på nynorsk

Juridiske tekstar blir betre på nynorsk, meiner bokmålsmann og professor Johan Giertsen ved Universitetet i Bergen. Jussprofessoren får brei støtte for synet sitt.

– Vi som skriv bokmål har mykje å lære av nynorsk, særleg i det å skrive eit enklare og lettare tilgjengeleg språk, skriv Giertsen i eit lesarinnlegg i Bergens Tidende torsdag.

Giertsen, som sjølv bruker bokmål, har i mange år rådd studentar som hadde nynorsk som hovudmål på vidaregåande til å fortsette med nynorsk når dei skriv juss. I jussen finst det færre kjelder på nynorsk enn på bokmål.

– Dette gjer at dei som skriv nynorsk ofte får eit meir gjennomtenkt forhold både til dei juridiske omgrepa og til språket i det store og heile, seier Giertsen.

Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet, fortel at dei stilistiske ideala i nynorsk gjer det lettare å skrive klart og forståeleg.

Ein annan nynorskentusiast ved juridisk fakultet i Bergen er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettsvitskap. Han blei nyleg kåra til beste formidlar på fakultetet. Ifølgje Sunde avheng jussen mykje av eit omgrepsapparat som er utvikla på dansk, og noko tysk. Omgrepa har latt seg omsetje til bokmål, men ikkje til nynorsk.

– Juristar som bruker nynorsk må omsetje dei juridiske omgrepa til aktivt språk. Dette kan vere vanskeleg for ferske jusstudentar, men det er veldig lærerikt, seier Sunde. (NPK) 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...