Heim Nyhende – Nynorskbøkene er ikkje gode nok

– Nynorskbøkene er ikkje gode nok

Berre ei av dei fem bøkene som er med i Leselystaksjonen er på nynorsk. 

 

– Me har vore i dialog med Nynorsksenteret om dette, og var i utgangspunktet opne for to bøker på nynorsk i årets aksjon. Men me fann rett og slett ikkje to bøker som var gode nok, seier prosjektleiar Kathrine Wegge. 

Bøkene som har vore med i Leselystaksjonen 2012 er : Hjernen av Espen Dietrichs og Eirik Newth, Trash av Andy Mulligan, En pingles dagbok av Jeff Kinney, Spøkelsene på Frostøy av Hilde Hagerup og Mitt bankande hjarta av Alf Kjetil Walgermo. I tillegg er det ei eiga bok for elevane med samisk som hovudmål. 

Leselystaksjonen er den største aksjonen i den norske skulen for å fremje boka og lesegleden blant elevane. Neste år blir aksjonen truleg redusert i omfang, men skal likevel leve vidare i ei ny form. 

Mesteparten av materiellet på nettsidene til aksjonen er også på bokmål, berre diploma som elevane får er konsekvent sett om til nynorsk. I følgje Wegge er det få spørsmål frå nynorskskulane om å få meir av materialet eller fleire bøker på nynorsk. 

Nasjonalforeningen for folkehelsen gir også ut skulemateriell. Opplegget deira Petter Puls føreligg på begge målformer, det gjeld ikkje for kampanjen Hopp for hjertet. 

– Når det gjeld aktivitetskampanjen Hopp for hjertet, som årleg bidrar til at over halvparten av elevane i 4.-7. klasse hoppar tau på skulen eit par veker om våren, så blir den gitt ut på bokmål. Nasjonalforeningen for folkehelsen er ein frivillig organisasjon og me finansierer denne aktiviteten, som me tilbyr gratis til skulene, med innsamla midler. I samband med hoppetaukonkurransen ser me det som viktigast å få spredd oppfordringa om aktivitet og sendt hoppetau til alle klassar som vil delta, seier informasjonssjef Randi Kiil. Ho legg også vekt at det er få spørsmål frå skulane om å få materialet på nynorsk. 

Les meir om undervisningsmateriell og kampanjar som ikkje kjem på nynorsk i neste utgåve av LNK-avisa. 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...