Heim Nyhende – Høgre avmoderniserer norsk språkpolitikk

– Høgre avmoderniserer norsk språkpolitikk

Moderne tankegang om språk og språkpolitikk bør også vise igjen i norsk politikk, skriv Ottar Grepstad.

 

 

Med det går han til angrep på Høgre som meiner statstilsette skal få lov til å bruke den målforma dei ynskjer. 

– Ei slik privatpraktiserande offentleg forvaltning ville vere å skru klokka meir enn hundre år tilbake. Det var då Noreg blei modernisert både språkleg og politisk. Folkestyret blei utvikla, og som eitt av dei første landa i verda blei Noreg ein nasjon med meir enn eitt offisielt språk.

Grepstad skulle gjerne sett meir synleg nynorsk, også på Gardermoen. 

– Dei som landar på Gardermoen, blir møtt med eitt norsk språk – bokmål, og så engelsk, sjølvsagt. I Katalonia har styresmakter, institusjonar og bedrifter i Katalonia på få tiår etablert ein sikker, tospråkleg praksis i all skilting, til dømes på flyplassen El Prat i Barcelona.

– Språkåret 2013 er eit godt høve for norske styresmakter til å vise kva språkleg mangfald vil seie i praksis. No kjem Grunnlova på moderne bokmål og nynorsk. Gardermoen burde skiltast like moderne, skriv Grepstad i ein kronikk på nrk.no

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...