Heim Nyhende – Nynorsken har gjort Noreg til eit moderne land

– Nynorsken har gjort Noreg til eit moderne land

– Nynorsk har gjort Noreg til eit språk- og kulturpolitisk moderne land, sa Ottar Grepstad i kveld under sin siste årstale om tilstanden for nynorsk skriftkultur.  

 

– Den som kan meir enn eitt språk, same kor gjensidig forståelege dei er, får fleire tankar i hovudet. Å møte nynorsk gir også innvandrarane eit breiare bilete av det å leve i Noreg i det 21. hundreåret, slo Grepstad fast. 

I dei 11 tidlegare årstalane har ikkje Grepstad spart på verken statistisk dokumentasjon eller politisk polemikk. Denne gongen snakka han utan brodd mot nokon og  framheva i staden den eigenverdien han meiner nynorsk har. Gjester frå heile landet hadde kome til Ivar Aasen-tunet for å høyre den siste  årstalen. Etterpå lanserte Det Norske Samlaget boka «Draumen om målet» med alle dei tolv  årstalane Grepstad har halde frå 2001 til 2012. Talane er blitt samanlikna med den norske  sentralbanksjefens årstale og den amerikanske presidentens årlege tale om rikets tilstand.

Bolivia er landet med flest offisielle språk
Årstalen blei halden på Den europeiske språkdagen, og internasjonale perspektiv prega  både analyse og argumentasjon.

– Kvart femte språk som er dokumentert i dag, var lite kjent før Noreg blei ein oljenasjon, sa Grepstad, som meinte at ein tredel av alle språka i verda er skriftlause. Jamført med all verdas språk er både bokmål og nynorsk robuste språk med ei trygg framtid, sa Grepstad.

Han framheva at mange makthavarar tenkjer annleis om språk i dag enn for 30, 60 og 90 år sidan. Med ei rekkje døme viste han kor mykje språkpolitikken har endra seg i land etter land verda rundt. Grepstad viste mellom anna til Bolivia. Dette landet med 10 millionar innbyggjarar har heile 37 offisielle språk.

Nesten 800 000 har nynorskbakgrunn
Til bruk i årstalen hadde sosialøkonomen Asbjørn Torvanger laga ein demografisk analyse av talet på nynorskbrukarar. Studien viser at 780 000 nolevande nordmenn har, har hatt  eller vil få nynorsk som hovudmål i skulen. I 1985 hadde kvar femte nordmann ein slik  nynorskbakgrunn, i 2011 godt og vel kvar sjette.

– Nynorskbrukarane har vore fleire enn offentleg språkpolitikk har føresett, og dei er blitt færre enn den same språkpolitikken har greidd å hindre, sa Ottar Grepstad i den siste årstalen om tilstanden for nynorsk skriftkultur.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...