Heim Nyhende Held sin siste årstale

Held sin siste årstale

Neste veke held direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum sin siste årstale om tilstanden for nynorsk skriftkultur. 

 

– Hausten 2008 bestemte eg meg for at 12 årstalar er nok. Eg ville slutte før dette berre blei
ein gamal vane. Onsdag kveld 26.september held han den siste talen som har fått tittelen «Draumen om målet». 

Den viktigaste delen av den siste årstalen er det Grepstad kallar ein ny og moderne
argumentasjon for nynorsk.

– Det blir tenkt annleis om språk over heile verda i dag enn for berre få tiår sidan. Det bør også vise att i den norske språkdebatten, seier Grepstad. Han lovar ein tale fri for polemikk og eit forsøk på å gjere både nynorsk- og bokmålsbrukarar stolte over den språkdelte norske kulturen.

– Dessutan skal eg fortelje noko ingen har visst før, seier han i ei pressemelding.

I samband med årstalen lanserer Det Norske Samlaget boka «Draumen om målet. Tilstandsrapportar frå Norge og Noreg» der alle årstalane til Grepstad er samla. 

 – Talane er blitt haldne for å vise kor viktig nynorsk er, og har vore eit tiltak for å gjere Nynorsk kultursentrum til ein nasjonal kulturinstitusjon, seier Grepstad om bakgrunnen for årstalane som byrja i 2001.

Grepstad legg vekt på at han ikkje blir stille sjølv om det blir slutt med årstalar. 

– Eg blir nok ikkje heilt stille etter dette. Råd og styre i Nynorsk kultursentrum skal leggje premissane for utviklinga av nye og uventa format i arbeidet med å hevde nynorskens rett og eigenverdi, seier Ottar Grepstad. Den drøftinga tek rådet til på alt dagen etter den siste årstalen.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...