Heim Nyhende Reagerer på nynorsk-utspel

Reagerer på nynorsk-utspel

Fylkesordførar i Aust-Agder, Bjørgulv Sverdrup Lund (H), reagerer på partiet sitt utspel om at tilsette i staten bør sleppe å skrive nynorsk. Likevel vil han ikkje halde på sidemålet. 

 

Sverdrup Lund er tidlegare ordførar i nynorsk-kommunen Valle og meiner det er ein innarebeidd praksis at ein i staten svarer på brev i same målform dei som kjem inn i. 

– Høgre er i utgangspunktet for valfridom, så slik sett er dette korrekt å tenkje, men når det er sagt meiner eg nynorsk er ein viktig del av identiteten vår, og noko me må halde fast ved, slår fylkesordføraren fast. 

Les også: Støttar nynorsk i staten

Han legg vekt på at utspelet frå programkomiteen no skal ut på høyring, og at ein då får høve til å kome fram med motargumenta som har vakna til liv fleire stader i partiet. 

– Men det er klart eg ser at nynorsken er på vikande front og under sterkt press mange stader, også i heimkommunen min, Valle. Det er vel kanskje mykje på grunn av det nye mediebiletet vårt, seier han. 

– Men dersom dei tilsette i staten skal kunne svare på begge målforer, bør ein ikkje då halde oppe sidemålet i skulen? 

– Eg kan forstå at det virkar rart, og at det ikkje er logisk. Men eg har sterk tru på at ein styrkar nynorsken ved å stimulere til auka leseglede istaden for å tvinge elevane gjennom det som valfag. Å halde på sidemålet slik det er i dag trur eg berre vil føre til motvilje mot språket. 

Trass i det har han ikkje ei soleklar løysing på korleis ein likevel kan halde dei skriftlege kunnskapene i nynorsk ved like. 

– Kanskje bør ein passe på å ha folk med nynorsk kompetanse rundt i kommunane, eller ein kan ha interne kurs. Nynorsk kan også sjølvsagt vere ein del av høgare utdanning, som eige fag. 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...