Heim Nyhende Nynorskelevane gjer det betre

Nynorskelevane gjer det betre

Dei flinkaste nynorskelevane finn vi i Hordaland, og dei gjer det jamt over betre enn bokmålselevane på mange område, melder Framtida.no.

Nynorskelevane i vidaregåande skule i Hordaland har både høgare snittkarakter og lågare strykprosent enn bokmålselevane. Standpunktkarakteren for nynorskelevar ligg i snitt på 3,96, medan bokmålselevane har eit snitt på 3,90. Strykprosenten ligg på høvesvis 1,69 for nynorskelevar og 2,01 for bokmålselevar. Omlag kvar femte elev i vidaregåande skule i Hordaland bruker nynorsk i skulen. 

Opplærinsgdirektør Svein Heggheim i Hordaland fylkeskommune meiner desse tala burde vere god drahjelp for nynorsk.

– Her har vi gode argument for å velje nynorsk som språkform i skulen. Dette burde auke rekrutteringa til nynorsk, men vi må òg leggje til at streiken førte til at 3500 eksamenar gjekk ut i Bergen, seier Heggheim.

Les heile saken på Framtida.no. 

Førre artikkelKontakt LNK
Neste artikkelPå toppen

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...

Noregs Mållag: – Sidemålsordninga er sikra

– Valresultatet har gjeve nynorsken tryggleik. Med dette stortingsfleirtalet står sidemålsordninga stødig vidare. No skal vi løfte nynorsken framover, seier leiar i Noregs Mållag,...